Idag kjem eg meg ikkje ut av sofaen
Som limt fast
Regner ikkje lenger men kjem nok meir
Fekk benk til bursdagen laga av den gamle altanen min
Laga av mellomste
Brukte benk laga av oldefaren som mal
Dei har det ikkje etter meg for å sei det slik
Tre kreative ungar er kjekt å ha
Eg skulle berre beise på balkongen
Ser ut som det har vore sjøslag
Skuldar på beistypen
Kan umulig vere berre meg
Hadde planer om å bake men trur det vert med planen
Kanskje eg heller bør finne fram moppen og dra over golvet
Må berre finne startknappen
Håper det går bra med paret som er på Store Skagastøltind våte og uten mat
Fjellet er lunefullt
OL for døra
Hærverk på toglinjene
Kva vert det neste
Nei…Her må eg få fart på viljen
Venter på sol
Idag trur eg at eg finn unnskyldning for det meste
Viktig å ha noko å skulde på når det går på reva:-)