Vorten lat og tung i sessen.
Har utruleg mange unnskyldningar for å sleppe sette nasa utom døra..
Var sånn i dag og.
Men så tok forstanden litt kontroll.
Hender eg har litt av den og.
Kava meg oppover..
Her var det nokon som hadde rydda.
Sånn fliskutter skulle eg ha hatt.
Fint når det er så flott opprydda.
Var tungt å gå…
Jøss ,tenkte eg…Hinderløype..
Jaja…berre å forsere..
Kjende pusten slo litt raskare..
Det var vått og det gjekk smått…
Det er når hjartet bankar så du trur det er på veg ut,når snørret renn or nasa,tårene renn og du puster som ei sekkepipe,du innser at…
Du lever!!
Men det er vert slitet
Det å gå slik i naturen gir meg styrke i sjela..
At eg får pusteproblem og svettebyer i kald nordavind,seier mykje om formen…
Oppe…
Og der var det temmeleg kaldt og luftig.
Søkte ly bak varden så eg fekk skrive meg i boka..
Oppdaga at eg hadde brukt dobbel så lang tid som i haust..
Pokker til greie..
Her er det berre ein veg for kondisen..
Og det er opp..
No skulle eg derimot ned..
I motvind
Vakkert og flott utsikt .
Får berre sånn matlyst etter all denne friske lufta
Skoa står til tørk og gamla vurderer å verte litt sprekare.
Hehe… vi øver på å få bedre kondis her i huset også. Og du har helt rett.. Det kan bare gå oppover
men det er eit slit:-)