Ikkje ein stolpe i siktet!

Veit ikkje heilt kva eg håper på.
men hadde vel håpa at litt retningssans blanda med flaks kunne dukke opp her hos meg og

Men eg skal ha for forsøket
To av gangane var eg så nær at eg fekk registrert stolpane
Kor dei var må fuglane vite.
Eg såg dei ikkje
Den siste aner eg rett og slett ikkje korleis eg skal gå fram for å finne
Er nok lett for dei som skjønner kart,men for meg er det berre blåbærlyng og mose og kratt
Idag har eg svetta ,sagt litt mindre pene ord
Klatra høgdemeter og streva på
Vått var det og skoa mine er alt anna enn vanntette
Fader veit om dei nokonsinne har vore det

På denne klatreturen fekk eg kjørt meg-
Burde vore svart og ikkje rød denne her.
No er det mulig det er ein lettare måte å komme dit på ,men her eg gjekk var det rett og slett veldig bratt på slutten.Og glatt.
Vasa meg selvfølgeleg litt feil veg då eg starta nedturen,men sjølv eg skjønner at når det vert alt for bratt og stup utfor så kryp ein oppatt:-)
Trim får eg
Stolpen såg eg ikkje kor mykje eg leita,men den let seg registrere,så då var den nær…
Samme på den første runda.Fann ingen stolpe men vart registrert

Runde tre var total bom
Men du verden for ei trimløype.Det skal dei ha

Rett og slett sur på meg sjølv …
Men sikkert enkel stolpe for dei med retningssans
Eg treng hjelp:-)
Var steike godt å komme heim til dusj og berre kunne varme middag etter igår
Kan jo resikere å verte sprek

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg