Kos med lat søndagsmorning i pysjen.
Nyt kaffikoppen og ser tv,mens eg ser ut på eit regnfullt og forblåst landskap.
Snøen er nesten vekke og er grått og trist.
Ute
Inne koser eg meg og funderer over kva 2020 bringer av nyheiter.
Livet og samfunnet er i stadig endring.
Kronekursen er dårleg og alt vert dyrare.
Stadig fleire goder forsvinn og økonomien til mange er knapp.
Ute i verden er det svolt og nød.
Krig og elendigheit.
Norge er eit godt land å bu i.
Håper det varer.
Livet er skjørt og vi veit ikkje kva det kjem med av overraskelsar.
Nokon gode…andre tvert om.
Kjenner eg vert eldre og forandrer fokus på kva som er viktig
Godt å ha familie og venner som bryr seg og ein kan bry seg om.
Jobb ein trivast med og gode kollegaer.
Ein har mykje kortare tid framfor enn bak.
Koser meg litt kvar dag.
Viktig å stoppe opp å nyte dei små øyeblikka, og ikkje irritere seg over ting ein ikkje får gjordt noko med.
Gir berre dårleg humør og sur stemning
Smil til verden og har ein litt flaks,så smiler den tilbake
God søndag
🌹
Flotte og sanne ord.
Nyt søndagen😊
Tusen takk:-)Du og
Høres ut som en fin start på dagen.. viktig å nyte di små øyeblikka.. <3 Livet er litt både og ja.. mye fint men også bekymringer.. Ønsker deg et godt nytt år <3
takk og det samme til deg