Gale Lise i full blomst

Vore rimeleg stille frå alteregoet mitt i det siste
I motsetning til meg,er gale Lise glad i å gå i fjellet og ellers vere i full aktivitet.Sånn nonstop
Vore eit nydelig vårver idag.Kven skulle tru det var slutten av februar?
Skikkeleg sånn lat dag.Vurderte om eg skulle ta ein tur på fjellet.Etter mykje akkedering med meg sjølv rusla eg berre ein tur etter vegen.Sånn etter at Norge hadde sikra gull og bronse:-)
Laga middag og åt både vel og lenge:-9
Slengde meg mett og god ned i sofaen for å få med meg hopp…
Det var då det starta.
Maset frå Gale Lise

Alvorleg talt!!Skulle ikkje du på fjellet idag…Og kva sit du her etter?Trur du vi får medalje kanskje?Bortkasta
Det var igår eg hadde tenkt det..at eg skulle gå på fjellet idag altso
Og skal du sitte inne og kope i godveret.Noko alvorleg som plagar deg eller?
Berre litt småforkjøla og lat igrunnen…
Samvittigheita si gale Lise held ikkje fred.
Nye staver har du og allting
Fekk til jul.Hos mansen:-)Skikkeleg pene:-)

vrei meg fleire ganger i sofaen.Att og fram og så søren heller..
Kan jo berre gå sånn litt oppi lia kanskje?
På med utstyret .Dei endå ikkje brukte stavane i handa,og inn til jr…
Fekk stavane i rett lengde,,
Du,kan du sjå etter meg visst eg ikkje melder meg før det vert mørkt?

Jaaa…Han drog på det…For eit mas,tenkte han sikkert….Reknar med han hadde rykt ut ved behov:-)

Utruleg dårleg kondis på gamla…Kom an,sa gale Lise…
Ser meg ut som kom an…Men ein får gå i det tempoet ein klarer

Det fine med å vere i dårleg form er at ein har god tid til å nye utsikten:-)

Nydeleg dag

Naturen lager sine eigne hjarter:-)

Litt snøflekker er det hist og pist.
Og det er vått…Ikkje noko for lette joggesko.Men med gorotec går det flott.Heilt tørr då eg kom heim:-)
Kom til å tenke på pappa mens eg vandra rundt.
Brukte gå innom og sei eg gjekk på fjellet:-)
Telefonen som som regel kom på heimveg ,nåreg var kommen på ranen og såg nedover til fjorden:-)
Nærmer du deg?
Syns nok eg var i overkant treg.
Koselege minner 🙂


Merkar at no hadde det vore godt å vere oppe:-)Ikkje så langt att og på med vindjakka.Ein smule kaldere på toppen


Av og til er det godt eg har gale Lise..
Utruleg fin tur,som folk går sjelden.Ingen som hadde skreve i boka på 3 månader,så var på tide gamla fekk rev i segla.
Aleine i naturen.Er vel ganske vått heile året,så er no derfor der er liten trafikk.Men eg trivst med å gå å labbe slik aleine i naturen:-)
Gjer godt for kropp og sjel.
Matlysta vert desverre berre skjerpa,for eg orkar ikkje ta meg heilt ut:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg