Dørstokkmila er kjempehøg fortida

Regna mykje og Bekken veks:-)
Flott å nyte naturen

Har regna mykje og bekken veks

Flott ute på Utsiktspunktet der erin ser ut mot Solund

Får slik ro i sjel og kropp mev å vandre rundt å høyre på lydane i naturen og berre la tankane flyte.

Trur nok ikkje kondisen min vert bedre ei heller at eg klarer å halde vekta i sjakk med den,men gjer godt

Så får eg heller vurdere om eg skal overtale meg sjølv til ein fjelltur i morra:-))

 

Det ringer på døra

Vakna idag av at regnet plaska ned

Hadde igrunnen bestemmt meg for at idag skulle eg prøve å komme meg ut,men dørstokkmila var for høg

Laga meg ein god frukost.Kravla opp i godstolen og fann fram ei god bok

Vart svolten etter ei stund så laga meg ein durabeleg middag.Valt meg opp på sofaen og sovna

 

Men kor lenge var Adam i paradis.

Vakna med eit brak av dørklokka .Ikkje så ofte den ringer hos meg så spratt opp.Kikka forsiktig ut glaset men ingen bil…

Tumla ut i gangen og åpna døra. Såg ingen med det same men plutselig dukka det opp ein kar frå eine sida som på klingande sunnmørsdialekt

sa “Eg har fisk og poteter te salgs om du vil ha.”..Det ville eg altså slett ikkje idag…

Eg var klar til å lukke att døra då kom det frå karen

“Eg ser du har ein gammal Volvo v40. Eg har vraka mange slike og lurte på om du treng deler…”

Mulig eg ser ut som ein bilmekanikar men eg er det ikkje.

Ingen som har trefft meg med det same eg vaknar kan beskulde meg for å vere blid,og kropsspråket mitt sa sikkert sitt då eg fekk fortalt han at eg ikkje hadde det minste peiling på bilar og derfor heller ikkje ante om eg trengde delar

Karen skjønnte hintet og eg høyrde han mulla då han runda hjørnet

 

Einaste som får meg til å roe meg ned etter slike hendelser er ein tur i frisk luft.

Noko godt kom det ut av besøket for gamla fann fram vestlandsbunaden og tutla seg over grensa til nabokommunen for å sjå om veret var bedre der:-)


Føler meg litt utrygg når eg sit på denne benken

Alle har vi vel av å til følelsen av at vi har nådd 0 punktet.Eg har funne mitt som eg går forbi ofte:-)

Var ikkje bedre i Fjaler heller

Så eg gjekk heim:-)

Takk til møringen som skremde meg ut.Men han treng ikkje ringe på døra oftare.
 

Lat dag

I dag har eg ikkje gått mange cm.

Har vore på jobb vel å merke men det er det

Ikkje bra.Matlysta er god og treng litt trim,men sov lenge og då var jo det nesten jobbttid

latskapen lenge leve.

Får prøve å ta meg saman imorra:-)

Uff.

Skal ikkje vere enkelt:-)

Sommer,ferie og nye topper

Etter at eg slutta å røyke for snart eit år sida har vekta auka og formen minka 

Har i dei siste månadane prøvd å komme i form ved å gå tur.

Starta med å gå tur etter vegen men vert no kjedeleg det og i lengda,og får ikkje så mykje bedre kondis av det heller sånn sett.

Har tre fjell eller toppar i nærheita og det er dei eg som regel prøver å komme meg opp på.

Satsa på iallefall to turar i veka men er no alt etter kva alteregoet har for innvendingar:-)

Einingsfjellet,Bygdeheia og Vardeheia er korte turar som ikkje krev så mykje tid.

Kanskje er dei vel korte for kjenner eg slit med lengre turar.Ikkje det at eg spring på desse heller.Går seiiiiiiiint,men kjem no opp

Men i ferien var eg så heldig av veslesysta tok meg med på toppar eg ikkje hadde vore på før.

Først ut var Hesjetinden frå Øvrås .Alle tre søstrene på tur var kos

 


Flott med vatn:-)


Pust i bakken for å nyte utsikta må til:-)Nr 2 0g 3 i søskenflokken


Veslesysta

Og gamla

Kven er det som tramper på mi bru,sa trollet

Og der var turen nesten over og vi går vidare til neste tur

 

Robba med veslesysta


For trente fjellgeiter og andre er nok dette ein grei tur,men eg syns det var tungt


Jada.eg kjeme….….

Nydeleg utsikt.Pust og pes:-)


endeleg…..


Flott på toppen

og det var kaldt i vinden:-)Så på med jakker


utruleg fin utsikt

eg er utsleten som de ser


veslesysta


Artig med veg av fjell:-)

Ein flott tur ,Takk til systa som drog meg med.Langt og tungt for meg men eg kom både opp og ned og var flott  sjølv om eg var sliten og pusta som ein kval.Ikkje fordi eg gjekk så fort men fordi kondisen og beinstyrken ikkje heilt står i forhald til viljen:-)

Kjekt å gå på ukjend mark men hadde aldri gått aleine.

Veit ikkje heilt om eg har fått så mykje bedre kondis ei heller gått ned i vekt.Men gjer godt.

Neste steg må vere å få bukt med matinntaket:-)
 

 

 

Ein vanleg dag

Fri og kom meg opp ganske tidleg.(ikkje normalt)

Etter tur på butikken og snartur innom naboen studerte eg himmelen litt

Tok ein diskusjon med mitt alterego og fann ut at kanskje eg burde gå ein tur med det same før regnet kom?


Yndlingsutsikta mi finn ein på Einingsfjellet.Ser fjellet som vart kåra til turfjellet av Firda,men har ikkje båt så for meg er Alden fin å sjå på:-)

Klok av skade etter gårsdagens flotte ver og ,kortbukse og xantall kleggstikk ,stillte eg med lang bukse idag

Men trur du eg fekk gå i fred?Niks!Stakk igjennom.Så einaste eg oppnådde var at eg vart litt for heit og fekk litt fleire stikk

Vurderte om eg skulle ta Bygdeheia på heimturen men alteregoet mitt gadd ikkje. Der må eg takke for. Rakk akkuratt heim før slusene åpna seg..

Men frisk luft gir for god matlyst og er viktig å hive innpå dei kaloria ein har forbrent:-) Så eg heiv innpå.

Hadde meg ein tur ut i regnveret i  vestlandsbunaden.Bosset må til vegen.Stakk oppom naboen .Fekk mat der og..Ikkje veit eg kva som hende for plutseleg vart eg potte tett.Augene og nasa rann og vart slakk i ånden.Så no har eg hivd innpå ein allergitablett i tilfelle rottefel log,funne rikelig papir,

Syns synd i meg sjølv og håper det kun er litt allergi og ikkje forkjølelse .Då går det for over:-)Til dess får eg krølle meg inn i teppet og ta verden med ro
 

Flott tur på Hesjetinden

Søndag.Som vanleg når eg jobber nydeleg ver.

Fekk melding om tur frå Varlida til Vardeheia.Er retningsvill eller totalt retningsvill er vel rett å sei,så den turen har vore etterlenkta på umerka mark.men men den føregjekk i arbeidstida så bedre lykke neste gang

Vel heime frå jobb ringde Anita.

HESJETINDEN frå Akse.????

Gamla frkk på seg fjellskoa og avstad bar det.Litt køyretid men pytt ytt

Merka litt dårleg form, men opp kom eg med god drahjelp


Tusen takk:-)

Var veldig kjekt å verte dradd med på ein spontan tur:-)Kanskje det er det eg må verte flinkare til.Gripe dagen og ta ting meir på sparket,for ein veit aldri kva som ventar bak neste sving .Gjordt er gjordt.

Bakdelen med slike fjellturar er at matlysta den tek av.

Så trimturen for å halde kiloa i sjakk vart nedbroten av dårleg sjølvkontroll og steike god matlyst.

Men men.Både turen og maten var super:-)Så no er det Lewis på tv

Fridag på ein fredag:-)

Ikkje så ofte eg har fri ein fredag,men idag hadde eg det.-)

Hadde igrunnen planer om at visst det var fint ver så skulle eg gå på Vardeheia.

Vakna til eit veldig regnver og kjende det igrunnen gjorde godt..Men det var då eg vakna…

Letta etterkvart og sola kom:-)Nydeleg og alt for hett til fjelltur ,tenkte eg så tok med meg kaffikoppen og krimboka ut på altanen

Briller er viktig i min alder og godt lys.God bok og kaffien var ikkje verst den heller:-)

Men då sola forsvann vart det litt småsurt så tutla meg innatt og laga meg ein gedigen middag.Nesten kvalm endå.

Har ei enorm matlyst og er utruleg kormykje eg klarer stappe inn.Veit eg burde stopa lenge ¨før,men fornuften er plutseleg borte vekk for å dukke oppatt

etter måltidet er komme ned i magen og nesten oppatt i halsen:-)

Men fornuften sigra til slutt.Fekk på meg treningsklær og sko .Orka ikkje gå på Vardeheia:-(.Sette meg i bilen og køyrde til ytre Fjaler.Nydeleg derute og fjell i passeleg høgde for meg

 

Vått,grått svett og glatt men kom meg opp og ned

Litt trist å sjå ut på Lutelandet.Flott industriområde men ingen aktivitet…. 

 

Einingsfjellet og bygdeheia

I år har eg vore heime i ferien.Ikkje at det er noko nytt.Har eg ofte vore.Men slik er det for mange.Viktig er at ein tanker krefter og finn på ting for å gjere litt anna enn det ein normalt gjer

Gått mykje tur.Har vore fin temperatur til det om ikkje anna;.)Tur med barnebarnet på Einingsfjellet,Gå tur med unger er ein opplevelse.iallefall når han heilt tydeleg syns utsikta var kjemeflott .Han ville så gjerne ta eit bilde sjølv så eg sa at selvfølgeleg:-)I den tru at guten ville ha med besta på bilde så gjekk eg fram og stillte meg opp ..Då kom det.Du besta…Var ikkje deg eg ville ta bilde av men den fine utsikta:-))Jaja..Slik går det når ein trur ein er i sentrum:-))

ELiL
Var i det lengste laget syns jr._)

endeleg oppe:-)Her er berre heilt nydeleg:-)

Bygdeheia

Flott varde på Bygdeheia

Vått,hett,glatt og masse klegg

Sol og nydeleg ute så eg tenkte at her var det berre å trosse vilje og ut på ein liten tur

Gjer godt når ein først tek ut

Vått idag
Så var eit fæla strev.

Dei seier at kondis er ferskvare,men eg lurer å….Kor fersk skal den vere.Etter å ha pusta som ein kval og kjema meg til topen viste klokka at eg hadde brukt same tida som då eg starta å trimme.40 minutt…..akk ja.

Lykka var at eg opdaga at dei hadde fått ny bok.Førstemann som skreiv navnet mitt;.))Ikkje ofte eg er nr.1

grattis til dei som hadde vunne trekninga i forrege bok.Flott tiltak av Fure il

Røykslutt.kilo og ut på tør

ikkjeberre berre å gå i skog og mark.Iallefall ikkje når ein er retningsvill og vaser seg ned i granskog og uframkommelege plasser.Då gjeld det å klatre opp att og ikkje gi opp før ein finn rett sti om det tek nokre timar