Fridag på ein fredag:-)

Ikkje så ofte eg har fri ein fredag,men idag hadde eg det.-)

Hadde igrunnen planer om at visst det var fint ver så skulle eg gå på Vardeheia.

Vakna til eit veldig regnver og kjende det igrunnen gjorde godt..Men det var då eg vakna…

Letta etterkvart og sola kom:-)Nydeleg og alt for hett til fjelltur ,tenkte eg så tok med meg kaffikoppen og krimboka ut på altanen

Briller er viktig i min alder og godt lys.God bok og kaffien var ikkje verst den heller:-)

Men då sola forsvann vart det litt småsurt så tutla meg innatt og laga meg ein gedigen middag.Nesten kvalm endå.

Har ei enorm matlyst og er utruleg kormykje eg klarer stappe inn.Veit eg burde stopa lenge ¨før,men fornuften er plutseleg borte vekk for å dukke oppatt

etter måltidet er komme ned i magen og nesten oppatt i halsen:-)

Men fornuften sigra til slutt.Fekk på meg treningsklær og sko .Orka ikkje gå på Vardeheia:-(.Sette meg i bilen og køyrde til ytre Fjaler.Nydeleg derute og fjell i passeleg høgde for meg

 

Vått,grått svett og glatt men kom meg opp og ned

Litt trist å sjå ut på Lutelandet.Flott industriområde men ingen aktivitet…. 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg