Ut å gå sa legen
På stia og i ulent terreng
Einaste måten å få knekken på ryggplagene
Veit jo det,men er eit tiltak
Imorra..Syns det såg ut som det skulle komme regn idag eg,men tok feil..Men ny dag og nye muligheiter
Då må eg berre finne meg ein sti ein plass
Er jo positivt å gå tur då,det visste eg jo
men den dørstokkmila når ein har problem med å strekke ut ryggen er høg
Altfor høg
I tillegg må eg sjå etter når eg skal strø sukker på havregryna mine
Andre gang no eg har salta..Kan skulde på at eg ser dårleg,men ser ikkje etter er sannheita
Smaker elt anna enn godt kan eg sei dåke:-)
Skal vel igrunnen ikkje bruke sukker heller,men det må eg altso ha
Idag har eg kun lese ut boka
God bok som eg gjerne anbefaler
Viktig å slappe av
Bestillt meg ny tv har eg og
Det eg har er like ustabilt som eigaren
Har tenkt på det lenge,men idag så slo eg til
Før eg ombestemte meg.Sånn klikk og hent..
Kanskje eg burde bestillt eit større..Det kan vere det einaste
Har liksom ikkje så g0d greie på desse tommane
Trur det eg har er større når eg tenkjer meg om og det var det:-)
Jaja for seint no
Men går nok bra,tenkjer eg
Får berre sette meg litt nærmare
Nytt er det no iallefall og eg kan bruke nettet på det.Fungerer ikkje på dette
Vil iallefall ikkje snakke med mitt nett:-)
Angrer på at eg ikkje tok den turen i skog og mark
Hadde vore lurare det enn å ete heile kvelden
Blir veldig sliten i pusten av oppoverbakker så det tek litt matlyst og
Men i morra kanskje:-)Må lye legen
Ja det er det med å lye legen 🙂 Dørstokkmila….. Ny dag og nye muligheter 😀 God bedring med ryggen din!