No har eg helt sida i høst tenkt at no skal eg vere tidleg ute med hyttevasket….
Men er eg det…
Langt ifrå..
Stadig funne på unnskyldningar og tenkt at..jaja eg har jo god tid..
Men no har eg ikkje god tid lenger…
Og er ikkje gjordt i ei handevending..
Utruleg kor lang tid tek når alt skal vaskast…
Trur aldri eg har vaska så grundig heime..
Kanskje det eg burde starta med..
Då hadde det vorte orden i sysakene…
Kun ferdig med eit rom..mange att.
Trøsta er at det vistnok skal vere trim i å vaske..
Går igrunnen veldig tregt..
Må jo nyte utsikta litt og
Fjorden er frosen for første gang i år..
Er nok alt regnet i det siste si skuld.
Kaldt men vårblomstrane er klar for våren
Håper dei overlever..
No skal eg slappe av og slenge beina på bordet..
Har sine fordelar å bu åleine
God fredagskveld
Ja det er virkelig trim å gjøre rent..jeg er svett som en vaskefille etterpå..så ja,..da har du fått trimmen for i dag! Ha en riktig god kveld og helg!