Frisk luft er gjer godt

Vind for tida og det ikkje så lite heller.Men det er bart på vegane,så skal ikkje klage

Har starta å gå tur.Nytter ikkje lenger å sitte i ro i sofakroken og gremmast over manglande kondis og kilo som legg seg der dei ikkje burde.

Så no har eg altså forsøkt å skjerpe meg.Gått tur og det fleire dagar på rad.Pakka på meg som eg skulle på nordpolferd,for vinden går jo gjennom marg og bein.

men godt gjer det og søv bedre gjer eg og.No er det berre å prøve å fortsette å halde viljen i sjakk.ikkje alltid den er på topp for å sei det slik

 

Vore til frisøren har eg og.På høg tid for var litt for mykje grått for å sei det pent.Ikkje særleg pent med fleire cm.ettervekst i halvlangt hår.

Kom seg.Om ikkje dama vart penare så vart no i det minste håret litt meir ryddig:-)

Belønna meg med å lage lasange til middag.Mykje godt frå Toro.Kva skulle eg ha gjordt uten.Inga kokke.Men smakte godt,så eg er vel fornøgd:-)

 

Har lasta ned appen til tv2 sport.Blid dame som fortel meg kor langt eg går og det med kilometer i timen.Held meg på vel 5.Ikkje alltid eg ser kva eg trykker på,så får antageleg lære meg å ta med briller.

Gjekk lang tur igår.Kor dei km vart av veit eg ikkje for vart iallefall ikkje lagra.Har antageleg trykt på feil knapp etter målgang:-)men veit no at eg har gått og dama var oppmuntrande.Raskaste km til no seier ho,når eg skrur opp tempoet.Ikkje så ofte ho seier det igrunnen for eg har det med å gå raskast i starten:-)Men er no alltid koseleg å ha selskap på turen:-))

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg