Ikkje enkelt dette å finne stolpar som gjøymer seg rundt om i kommunen når ein ikkje har verken retningssans eller kan kart.Lite hjelper det at folk seier eg kan berre gå ned ved huset til den eller den når eg ikkje aner kor dei bur:-)
men på to var eg heldig.Traff kjekke Marit ved minnesmerke
Ho kunne i det minste forklare meg kor to av dei var.Kor eg skulle gå og ikkje minst.Kor eg ikkje skulle:-)Sjølv om eg hadde feilparkert på deira eigendom.Ganske raust igrunne:-)
Fantastisk fint
Noko eige å gå der med majestetiskeLihesten (lifjellet)på ei side og den flotte utsikta på den andre
Litt attvokse her og der,men fann den no igjenn
Rekreasjon for kropp og sjel
Og foretrekk å ha fjellet i ryggen og ikkje i vegen for utsikta.
Såg det var ein eller anna bygning oppunder fjellet,men tenkte at..Nei gamlemor,der går du ikkje opp.
Må innatt å gå ein annan sti ein annan dag.Mulig eg finn ut kor denne fjæra er og
Sikkert ikkje vanskelig når ein veit kor den er:-)
Hadde eg ikkje funne Marit hadde eg heller ikkje funne den flotte stien til den utsikta
For eg skjønnte ikkje at det var der eg skulle gå
Sjølv om eg ikkje har noko mål om å gå alle stolpejaktkarta i kommunen,så har eg funne mange fine stiar eg aldri har gått før
Idag har eg slappa av med kosetur til Førde
Høyrer med det og:-)
Så koselig at du fant en som har gått veien før. Nydelig utsikt:)