Skikkeleg vestlandssommar

Tor har gjordt seg ferdig med sitt arbeid.Alt frå volsomt torever til haglbyger
No er det berre skikkeleg surt ute
Vind og regn og naturen vert skikkeleg vaska
Det vert vi og når vi set hovudet utom døra:-)
Litt opplett innimellom
Vestlandssommar

Men,dette er vi no vorte vande med
Andre land renn vekk av varme
Kva som er best og verst er ikkje godt å seie

Sove dårleg
Kvifor veit eg ikkje,men sånn er det av og til
Smakte ekstra godt med kaffi

Idag skal eg på basar
Vinnerlykka brukar å vere fråverande,men det er no sosialt om ikkje anna:-)
Frestar iallefall ikkje å gå tur
Har to forskjellige sokketypar eg strikkar på for tida
Har mange ufoar liggande
Veit eg burde gjere dei ferdige,men det frestar altso ikkje
I det minste kunne eg festa litt tråder på det som er ferdig,men har ikkje lyst til det heller

Det einaste som overlever hos meg ser ein bort i frå skvalderkålen

No er eg spent på korleis det går vidare med Usa etter at han har fått gjennom nokon av sine planer.
Han får til det meste den karen der,om alt er lurt er noko anna


Trur berre eg skal strikke litt meir på denne sokken eg.I eit håp om at eg klarer å få ferdig eit par uten å legge det vekk halvferdig:-)

Ha ein strålande søndag i regn eller sol

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg