Rett og slett skikkeleg drittver ute
Var igrunnen tenkt å ta ein tur ut,men avventer litt
Sterk vind og regn er ikkje det store
Trivast igrunnen godt i stolen med kaffi og berre nyte stillheita
Har fått på plass både gardiner og lys
Gardinene var jo der eg først trudde,og som eg ikkje fann.
Så hadde meg ein tur opp på krypeloftet.
Berre for å tenke at der burde ryddast,før eg tok ein rask tilbaketrekning
Fekk no sjekka at det ikkje var mus i fellene
Koselig med adventsstaker og stjerner i glasa
Gir lys i mørket,og merkast når ein tek dei vekk:-)
Desember skal brukast til kos,og må bake litt kjeks.
Ikkje så mange sortane her i huset,og ein har på butikken
Har aldri vore glad i den slags sysler og jula kjem uansett:-)
Idag er det basar og julegrantenning i grendahuset,så det må eg ha med meg
Litt sosial og støtte til grendalaget:-)
Ferien er over,og imorra er det jobb att.
Kanskje like greit.
Ha ein fin 1 søndag i advendt:-)
Så koselig med tente lys hos deg.🤗🤩🌟
Håper søndagen ble fin.🥰