ikkje utset til i morra det du kan gjere idag

Var vel det rådet eg burde følgt igår for idag ligg det tett skodde oppi høgda
Eg snakkar om ein fjelltur
Men,dagen er lang

Frå idag er det nye reglar.Elevar som forstyrrar klassemiljøet kan bli fjerna fysisk
Om det er bra eller dårleg veit eg ikkje,men læraren må jo og få eit hjelpemiddel
Om det hjelper gjenstår å sjå

Studentane ligg på sovesalar.Håpar dei fleste fort får ein stad og bu
Skulane er starta og vi er tilbake til normal drift
Sommaren er over
Var nydeleg igår men hos meg bles det kjølig høstluft sjølv om sola prøvde vere sterk og sei det var sommar

Så no gjenstår det å sjå om skodda lettar
Enn så lenge drikk eg kaffi og slappar av
Let kroppen vakne
God mandag

10 kommentarer

Siste innlegg