Ein milepel i livet:-)

I dag skal eldste barnebarnet konfirmerast:-)
Stas og høgtideleg for guten og familien
Fekk ikkje sove så lenge eg, så fann ut at det beste var å stå opp

Skal ikkje reise før det nermar seg tre timar, så har god tid å vakne på

Ute ligg skodda tjukk
Er dessverre meldt regn, men vi kan no vere inne,så er ikkje det store problemet:-)

kaffidufta sprer seg i rommet:-)
Godt med kaffi på morningen ,syns eg. Eller eg syns det er godt døgnet rundt:-)Men, om morningen er det ei nødvendigheit

Åra går så fort
Er ikkje så lenge sidan eg vart bestemor for første gang.
Følest så kort.
Rart dette kor åra går fortare etter eldre eg blir
Er då ein tenkjer på alle feila ein gjorde i oppveksten til sine eigne
Alt ein ville ha gjordt annarleis hadde ein hatt litt av den livserfaringa og kunnskapen eg har idag.
Men, gjordt er gjordt og fortida får ein ikkje gjere noko med.Eg ser at
barnebarna har gode og fornuftige foreldre ,og det er det viktigaste
Tenkjer på korleis livet til familien vil utvikle seg vidare
Usikre tider vi går imøte.Var tryggare då eg var ung
Natta er i ferd med å bli dag

Bestemora ser tilbake på åra som har vore og henter fram minner
Blir ikkje bunad på besta idag
Den har krympa fleire størrelser,men er like fin på tanta:-)
Helst endå finare
Er uansett ikkje nokon som ser på meg idag.
Spent på dagen og håpar den vert strålande

Oldemor og oldebarn:-)
Minnene er mange,og sjølv om ikkje oldemora kan vere med,er ho like stolt:-)
Kjekt med minner:-)

Ha ein fin søndag:-)

6 kommentarer
    1. Gratulerer med dagen i dag 🙂 Fint med minner. Og ja… gjort er gjort… og når ein ser at barna som har vorte vaksne og har fått eigne familier, og dei har det bra, så veit ein at ein har gjort ein god nok jobb 😀 Nyt dagen saman med dine 🙂

    2. Kos deg masse med familien i dag. Det er vel alltid noe en kunne ha gjort annerledes, men gjort er gjort. Livserfaring kommer jo av å ikke alltid ha gjort alt helt etter boka.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg