Har stått opp før fuglane,og det heilt frivillig
Dvs.Er potta tett,så var det klokaste
No er frukosten inntatt…dvs.nasespray og paracet.
Nasa renn og eg er alt anna enn tiltalande
God gammaldags forkjølelse antageleg
Kaffien er kommen i koppen
Treng noko varmt
Mørkt ute,så kva slags ver det er aner eg ikkje
sikkert skikkeleg innever
Måtte bite i det sure eplet torsdag
Har rikeleg med bukser…Men dei har krympa,og det gjer ikkje eg,for å sei det slik.
Tvert om .Dess meir eg skal legge om livsstilen ,dess meir et eg. Usunnt og mykje
Totalt uten mål og meining
No venter eg på vår og bedre ver. Om ikkje anna kan det verte fjellturar og bedre kondis
No er i alle fall nye bukser som passer innkjøpt.
Hjelp ikkje å drøyme om det eg ikkje har viljestyrke til
Jadå. Bør trimme meir. Mage og lår…men har ikkje overskudd i det heile fortida.
Null og niks…Orkar ikkje,gidder ikkje
Ligg hos meg sjølv og tankesettet,antageleg…
Har fått oss treningsal i kommunen, men syns det er litt vel langt å køyre att og fram…
Så enn så lenge så går eg berre turar etter vegen.
Men i dag er det sofadag,kjenner eg.
Kanskje det er litt mykje sofa til dagleg,men i dag er det nødvndig.
Kjem overskuddet med våren skal tru?
Håpet er lysegrønt.
Kan hende fokuset mitt må vere på andre ting
Får vente til våren. Nett som Mumi.Om vinteren går eg i dvale
Legge meg ned å sove litt meir kjenner eg.
Nasa har fått åpne kanaler og papiret får bein å gå på
Regnet piskar mot ruta
Innever:-)
God lørdag
God bedring 🙂 Jeg kaster innpå råmelk-tabletter, vekk-i-morgen. Skal ikke blir forkjøla. Så hvis jeg snufser bittelitt, så er det råmelk 😀
Har det eg og…men
Riktig god bedring til deg, og håper du kommer deg fort på føttene igjen <3 🙂
Ønsker deg en kjempefin lørdagskveld <3 🙂
Purr, purr, og bloggklem fra Toril og kattene
Tusen takk.Høg feber og skikkeleg slakk helg,men litt bedre no om ikkje anna:-)