I dag har vi jammen hatt nydeleg ver
Har jo kunna gått rundt nesten heilt utan klær
Er som ein gløymer at sommaren var våt
ein nynnar berre på ein koseleg låt
Starta med å nyte ein kaffikopp
Roa ned sjela og fekk gang i min kropp
Etter det fekk eg endeleg slått litt av graset
kan ikkje lenger gå her og i det vase
Eg tenkte eg fekk ein tur til naboen gå
For mulig dei har satt middagen på
er slik ein kjem til pengar og makt
og maten der den har eg smakt
For 1 krone her og 1 krone der
plutseleg har ein spart til nye klær
For det kostar og heile tida verte så stor
så jammen godt eg kan gå til ho mor:-)
Og middag fekk eg og den var kjempe
Nett før dei måtte ut meg lempe
men mens eg sat der tenkte eg
kanskje eg skal starte å bevege meg
Fram med vatn ,veske og sko
Oppover lia labba eg no
For vardeheia var målet mitt
Og svetten pipla og ikkje berre litt
Det gjekk no på fram men det gjekk litt trekt
Var om eg skal sei det steike hett
Eg svetta og pusta så det halve var nok
trur det vart vel mykje for min sarte kropp:-)
Endeleg oppe og her er det flott, så tenkte at no kunne eg kvile min kropp
Men der hadde flugene nemlig ein fest, og eg var ikkje beden som gjest
Så dei stakk og dei beit og ba meg gå ned,så dei endeleg kunne få feste i fred
Og eg tenkte at det er nok sikkert det beste
var heller ikkje i humør til å feste
så eg snudde og gjekk beine vegen heilt ned
har igrunnen litt ilt i eit kne
#dikt #humor