Idag har eg rett og slett kosa meg på stolpejakt
På plassar eg aldri har vore før og kanskje ikkje kjem til å gå fleire ganger
Men ikkje fordi det var noko gale med ruta:-)
Har høyrt om eit ansikt som skulle vere i eit berg
Veit ikkje heilt kva eg venta,men ikkje det eg fann:-)
Var jo eit ansikt:-)Hadde meir tenkt eg måtte bruke fantasien
Har nok vore hus eller hytter her ein gang.Var attgrodd veg og murar.For meg som er på ukjend mark så har eg ikkje peiling,men no lurer eg på det…
Køyrde til Ås.Dvs eg parkerte i hovudvegen og rusla til ein sti
Om det er der eg burde starta veit eg ikkje
men fin tur
Lite visste eg at denne stien førde i Handalen
Men det var då eg kom ut frå denne stien eg sto heilt fast
Skjønnte eg skulle på den andre sida av vatnet,men korleis var for meg eit åpent spørsmål
Så eg ringde ein venn eg
Ho fekk meg på rett veg,men selvfølgeleg gjekk eg rett fram og såg ikkje at eg burde tatt opp graset til høgre
Vasa meg no oppoveratt då det plutseleg vart liv i hyttefolket 50 meter unna
Ropte og forklarte meg at visst eg no berre gjekk rett opp bakken,så kom eg på stien
Kjempehyggeleg med folk som bryr seg om gamle forvirra damer
Fann no stolpen etter eg hadde gått litt vel langt og måtte snu.
Har ikkje stolpeauge,men det bør eg få …Går jo rett forbi
Men vel tilbake og i neste vegkryss vart eg usikker att
Var det her eg skulle gå opp?
Bedre å spørje ein gang formykje tenkte eg og ringde stakkars dama ein gang til
Her får ein ikkje mykje søndagsfred:-)
Fann den 🙂
Og tenkte at..Må vere frå Leirvik i Sogn for å gå så langt for ein rød stolpe:-)
Tenkjer på utsikta
Men hatt ein super dag på stolpejakt.
Ikkje så lenge,ikkje så mange
Vart regn på turen tilbake til bilen,men hadde regnjakke så var berre godt
No venter eg på siste del av krimserien.
Tek den eg istadenfor vm finalen:-)
Masse spennende å se på på den turen skjønner jeg 🙂 Spesielt det ansiktet 🙂
Ja det har nok ei historie frå krigens dager,trur eg