Alle har vi nok eit alter ego.
Mi er spinnvill.
Mykje sprekere enn eg nokosinne kjem til å bli.
Har klart å halde ho i sjakk i det siste.
Er nok mi samvittighet.
I dag kom ho fram…
Alvorleg talt…skulle ikkje du på fjellet idag?kortid vart litt regn og våt mark eit hinder..
Hadde du ikkje store planer for litt høgre fjell.
Ho gneldre i veg nett som eg brukar å gjere.
Eg ga opp.
Inn i Larris og tur og køyr.
Kva gjer ein ikkje før husfreden.
Sjelden eg har gått tur der alt var ein bekk
Vått og tungt
Helsikes gale Lise…
Mykje sopp.
Små og store i skjønn forening
Mange sorter og dei såg ut til å storkose seg.Haust.
Eg pusta og pæsa
Kondis er ferskvare visstnok.
Vått og glatt og ikkje direkte ein kosetur…
Men gjorde nok sikkert godt
Men gjekk på fram.
Likar følelsen av å tråkke innover fjellet.
Magisk på toppen
Litt glatt og slept og rekordvått
Men det skal gale Lise ha.
God idé.
Kjenner at eg fann roen.
Om Salamoskoa mine er tette…tja
Men no må eg ha mat…
Tenk visst eg har mista eit gram
#humor#natur#fjelltur#ironi