Naturen som lykkepille:-)

For meg er det alfa og omega å kunne rusle meg ein tur for å sortere tankane,eller for å ikkje tenkje nokon verdens ting

Berre surre rundt til eg kjenner at eg er fysisk sliten og at det meste har sleppt taket:-)

Helg:-)

Vi har hatt ein fantastisk haust.Vert sikkert lenge til neste gang og har nytt kvar ei solstråle

No er frosten starta å bite seg fast i fjellet og er glatt ellers og der sola ikkje slepp til:-)


Traff på ein kar eg treff kvar gang eg går på Vardeheia.kallar han Leif:-)Mulig det er fleire men ser kun ein

Høstfargane er dei finaste fargane syns eg.kan liksom ikkje sjå meg mett på dei

Er så flott når vatna ligg heilt stille .Fint å kvile augene på:-)

Alltid litt godt å komme på toppen.Var nokon som hadde funne pannebandet mitt og lagt det ned i kassen ilag med bøkene:-)Tusen takk.Snillt

Mykje stein og toppar.Flott når ein kjem opp i høgda litegrann.Er begynnt å fryse litt .Gjer at det er lettare og tørrare å gå.Så ikkje så gale at det ikkje er godt for noko:-)

Vakre fargar.Litt skyer idag men med sola som skin bakom dei vert det fasinerande på himmelen:-)

Elskar mandarinar og et nok antageleg formange av dei.Men viktig med c vitaminar og:-)Men smaker fantastisk etter at ein har pæsa seg oppover på toppen:-)

Kan sitte her oppe i timesvis.Idag var det flott temperatur og heilt stille.Rett og slett nydelig.Kjenner at eg får slik ro i sjela og verda vert liksom ein bedre plass å vere og eg vert nok eit bedre menneske

I sterk kontrast til all krig,nød og elendigheit vi har rundt om i verda no

På veg heim.Eg er heldig på mange måtar som bur her ute,midt i naturen.Litt langt vekke til enkelte ting,og når det vert glatte og isete vegar ynskjer eg at eg budde i varmare land:-)Men som regel er eg megafornøgd


Fantastiske oktober:-)


Og framfor huset er det fortsatt jordbær .Gode var dei og:-)Kjøpte meg ei hengeplante med jordbær i vår og den kjem med nokre jordbær  i ny og ne:-)
 

Like hærleg som turen var det å dusje,fyre i ovnen,krype godt opp i sofaen og finne fram strikketøyet:-)Kunsten å kunne kose seg:-)

 

#friluftsliv #høst #natur

 

6 kommentarer

Siste innlegg