megahøst

Er nesten så ein ikkje trur sine eigne auge når ein om morningen vaknar opp til nok ein fantastisk flott dag:-)

Må nytast:-).Var sommaren trasig så har iallefall høsten vore det motsatte.

Er nydeleg ute-Fjellfolket spring å fjellet .Jegerane har megaflott ver og sjøfolket nyt dagane på segelblank sjø

Heilt utruleg

Så har vi slike som meg som helst likar seg ute på altanen med teppe,kaffikoppen og krimboka:-)

Litt småtoppar innimellom har det no vorte,men formen er så passe så tek det piano.

Det tek si tid:-)

Vorten mykje tørrare opp på Vardeheia og så er mykje kjekkare å gå,sjølv om ein må ha vantette sko…

For meg som er ganske så makeleg anlagt; så er det lettast å ta den toppen som er nærmast, og der eg ikkje først må i bil:-)

 

Bakdelen med denne sola at sjølv eg med mitt dårlege syn, ser at her er støv Og ikkje berre litt støv…

Det aular formeleg…

Tett før eg dreg føre alle gardinene og later som ingenting….

Aldri hatt støv på hjernen men alt med måte..Får jo dårleg samvittigheit for latskapen min

Ikkje kan eg skulde på andre heller for rotet mitt…

Tota lmangel på ordenssans i tillegg til retningssans

Ikkje rart eg bur aleine:-)

Men men..Går no utover kun meg sjølvNo berre nyt eg godveret innimellom jobbøktene:-)

Vaske kan eg gjere når det regnar

#høst

 

 

 

 

 

 

4 kommentarer
    1. Nyyydelig bildet! og ja..høsten er helt fantastisk over hele landet har jeg inntrykk av!

    2. en vakker høsthimmel ) ja vi har hatt en nydelig høst med mange deilige soldager,ekstra stas for oss som snart er uten sol i 4 måneder )
      Må si jeg er glad jeg ikke får sola inn i stuene mine noen ganger hi hi ,men klart jeg kunne tenkt med solvarmen i stova da ))

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg