Gjer det eg ikkje kan

I dag har eg vore i Førde ein tur

Måtte innom på sykehuset for å sjekke at alt er som det brukar

Innom coop.Måtte ha ingrediensar til glutenfrie knekkebrød

Hadde skrive opp må vite

Leita å nettet og funne nokre oppskrifter

Ikkje så god på å lese antageleg for på lista sto solsikkefrø og eg kom heim med solsikkekjerner

jaja Får gjere nytta

men måtte jo ha meg middag så tok den lettvint på coop

Syns middagen der er heilt grei eg og til ein grei pris

Koselege og reine lokale er der og.

Måtte innom sporten i Dale for klarde jo å kjøpe for små sko

Trur føtene mine veks endå for skostørrelsen går opp kvart år:-)

Men så var det heim å bake

Akk o ve.Mulig dette er plankekøyring for folk flest

men kjøkkentjeneste er ikkje mi sterke side:-)

Har ikkje mindre enn tre forskjellige sortar.Skal det vere så skal det vere for trur det vert mykje svinn

Kan no hende ein av typane er etande og fell i smak.Er nok ein eigen teknikk med dette her som eg slit med å skjønne

Anten vert det for mykje stekt eller så vert det forlite og seigt

Desse hadde kort steiketid men er faktisk dei som ser best ut:-)Litt anna framgangsmåte enn dette andre greiene:-)
Desse her veit eg ikkje heilt…Men men

Den tredje sorten står og godgjer seg på ettervarmen og det skal den berre få gjere,for no er eg lei

må ha meg ein tur ut i frisk luft trur eg.Iallefall kjennest det slik ut:-)

No er no bestillinga gjort,så får mottagaren gjere med dei kva ho vil,for eg har no prøvd etter beste evne:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg