Sånn litt sliten og tom etter endt arbeidshelg ,kjende eg at no var det tid for den lenge utsette fjellturen.
Vardeheia …kjende at der skulle eg idag
Rett heim frå jobb…skifte til vindtette turkle…slite på seg turskoa og gripe i veska etter mobilen…
Det var då det slo meg….den låg forsatt til ladding på jobb…
Går ikkje på fjellet aleine uten mobil.. så gamla satte seg i Pengesluket og tøffa avgarde…
No er eg temmeleg så treg å gå og Vardeheia såg eg kunne verte litt vanskeleg ,visst eg skulle unngå mørke trasige trakk gjennom skogen..
Sørbøheia vart nødløysinga..
Ikkje glad i den..tung oppstiging og ein ser ikkje skogen for berre tre
Men ein ting skal den ha…
Ein får kondis…og er det noko gamla manglar så er det det…
Og det fins gudsjelov ikkje ei einaste trapp😅
Og når ein endeleg klarer å karre seg opp er det ingenting å sei på utsikten
Men det var surt på toppen
Rett og slett kaldt og det bles😊
Det er då gamla er glad ho har vindjakka med
Og er det bratt opp så er det og bratt nedatt
Ikkje akkuratt noko for ei halvgammal kjerring med skrale kne😎
Men kom meg no nedatt.
Gjorde no godt for sjela om kroppen ikkje var heilt einig.
Den vart meir glad for lasangen eg fekk av mamsen då eg kom heim
Eg er heldig
No er gamla godt innpakka i pledd.
Krølla meg godt opp i sofaen og skal berre slappe av🤗
#fjelltur#bilder#humor
Så fine bilder! og ser ut som en flott tur da! Deilig når det er gjort! lurt å ikke gå i fjellet uten telefon..greit å kunne få tak i folk om noe skjer.. Ha en god kveld!
dvergpinschere i mitt hjerte: takk:-)God kveld til deg og