Ikkje bak når du er svolten

Fann på at eg skulle lage riflekjeks..
God idé i grunnen.
Etter bom på mixstafetten måtte eg liksom gjere noko.
Laga deigen,satte den i kjøleskapet og gjekk meg ein tur…

Helsa litt på Larris ,som er kommen frå ferie og kuropphald..
Får håpe han oppfører seg heretter..

Vurderte om eg skulle ete middag før steiking…
Nei…etterpå tenkte eg..

Første problem var…korleis fester eg kverna…Ikkje kjøkkenbord lenger.
Løysinga vart å ta ut ei kjøkkenskuff.
Då klarde eg feste kverna i diskpiata.
Tok tid…kjende eg var svolten men…etterpå..
Tek evigheter å lage riflekjeksa  med kvern når ein er svolten…
Stor porsjon…

Smakte utmerka. Iallefall nystekte…

Så vart nesten småkvalm..
Vart middag og tilslutt..
Var tenkt å lage krumkaker idag…røra er klar..
Det gjer  eg rett og slett ikkje.
Står seg til imorra i kjøleskapet..
Må berre sette klokka på vekking så eg rekk det før seinvakt..

No er eg sliten…av ingenting..
Og mett.
Resten av kvelden skal nytast i sofakroken..

Lurer på kor kjeksboksane mine er…
Sporlaust vekke.
Fann heldigvis ein gammal stor boks…

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg