Steike kor det har hølja ned
Nesten som det vert skremmande med desse volsomme regnbygene
No får vi altså returen for den flotte sommaren
Sikkert regna like mykje i mm.på nokre få dagar som det gjer på ein månad.
Akkuratt no er det opplett,men kjem vel meir
Er meldt kaldare
Bør nok bytte ut dei slitne sommardekka med noko som held bedre på kalde dagar.
Psyker meg opp til tannlegen..
Veit eg skal bore to hol,så det er berre å skjerpe tannpussen heretter.Dyrt med desse hola.
Bruker liksom heile fridagen på opplegget.
Har ikkje time før halv to.Bruker ei stund på køyring og mykje på å kvi meg.
Må ha meg ein handlepause undervegs.
Treng kattemat ..Det er tomt.Ga nett ut siste rest og nærmast krise:-)Iallefall for katten
Vurdeer ein luftetur før eg reiser,men vet ikkje helt…
Ja, den gruinga er verst
I morgen til legen. Men det gruer jeg sjelden til.
kan bruke mykje energi på den der gruinga:-)