Som lyn frå klar himmel

Ut på tur aldri sur
Rett ut etter jobb.nordvest kuling..
Berre å kle seg godt.
Gjennom skogen er det slett ikkje så gale

Men alt har ein ende.
Traff ein trimmar frå Fjalersida.
Over grensa var det heftig med vinden.Ellers flott..Var vegmeldinga..
Etter ca 1500 meter vart det slutt på freden.
Nordvest kuling tek tak skal eg sei..Men eg ligg tungt i vegen etterkvart.
Ikkje så lett å blåse vekk.
Sånn omtrent som lyn frå klar himmel vart det svinglatt..Fekk meg ein liten sidelengs skru..Vart med skrekken
Subba meg framover..
Håpa på det skulle avta..Der tok eg skammeleg feil.
Så for ikkje å ende opp med lårhalsbrudd så snudde eg og subba meg heimover.

Traff fjalerbuen på veg opp bakken.
Litt forskrekka over kor fort det hadde frose på.
Godt det ikkje berre var meg som sleit.
Men,tilbake i skogen var alt berre velstand.

Berga..

Premien..
Fleskepannekaker og kaffi..
Mat og varme må ein ha..
Var steike godt..

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg