Før fuglane syng

Rart med denne søvnen.Den skrur seg av og på når den vil
Visst min kropp meiner 04.30 er greit å vakne, så gjer den det, sjølv om eg er så trøtt at eg føler eg kunne stupe

Jaja, Sånn er det
Føler meg rett og slett litt pjusk, men fått kaffi i koppen ,pakka meg inn i pleddet og tenkjer at…Eg får gjere det beste utav det. Skal så alikavel møte på jobb til halv åtte..

Ingolf har og komme inn.Var der ikkje då eg gjekk å la meg,men hoppa på altandøra då eg vakna.
Svolten, selvfølgeleg.
Utruleg kor mykje mat den pusen klarer å få i seg

Hovland har vunne i golf og Ingebriktsen har fått gull
Det positive i avisene på morgonkvisten
Mykje elendigheit ellers.
Mange triste sjebner.

Regnet høljer ned og skaper problem.
Er liksom ikkje måte på.
Snart tid for hjortejakta er det og.
Høsten er kommen for fullt og syns den kom tidleg iår
Håpar berre den ikkje regner heilt vekk

Venter på at eg skal få litt lyst til å hekle eller strikke att.
Det har liksom vore heilt stopp i lysta til det meste i det siste.
Kroppen har liksom meir enn nok med å halde seg flytande:-)
Men,det går seg nok til
Berre vi no får varmen i oss,seie Ingolf.
Han har funne sin vande plass på teppet ,ved føtene mine
Sånn delvis innpakka i pleddet han og.
Litt under mottoet felles trøst.

Trur berre eg er ein smule forkjøla

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg