3 mnd.sidan sist😎

Alt for lenge..
Veit ikkje kva som skjedde,men i august var det som om lysta til fjelltur var borte vekk…
Og den held seg vekke.

Seint oppe og lang god frukost.
Ute var det litt grått og trist,men fint…
Det var då eg bestemte  meg..
Her har eg fjellet rett utafor stovedøra…
No skal gamla opp

Hadde heilt gløymt kor godt eg likar det

Haust,november og litt rått…vått og flott

Sola var der nokre minutt.
Er det noko ein ikkje får av å kun gå tur etter vegen,så er det kondis..
For det var ikkje rare farten…og det tok tid

Men vakkert

Og eg kom meg opp

Nydelig utsikt og rekreasjon for sjela

Mykje vatn og vått i stien mange plasser

Men med gode sko og mamma sine staver gjekk det supert om seint..
Skulle ikkje nå nokon buss😊

Minna meg på at eg ynskjer nye staver.
Gløymer kjøpe ,men gode å ha nedover på glatt og sleipt underlag..

Spørs om det bør gå like lenge til neste gang.

Godt å komme heim og svolten vart eg

Mat må ein ha..
Godt fornøgd med meg sjølv,og livet

#fjelltur#mammut#november#foto#natur

4 kommentarer

Siste innlegg