Ute plaskar regnet ned
Vil liksom ikkje la oss få vere i fred
Vinden skal auke og klokka skal fram
Nesten så eg får lyst til å ta meg ein dram
Men det hjelp no lite og eg skal no på jobb
Er no ei sjuske og lite til snobb
Så her sit eg no og latar meg, tidleg på dag
Gidd rett og slett ikkje gjere det slag
Drikk litt kaffi og ser på dr.phil
Må finne meg litt mat og nyte det med stil
For ut frestar det slett ikkje å gå
Det skal eg først når eg føler eg må
God fredag til alle ta verda med ro
Pass godt på kvarandre og ver med deg sjølv god
Er ingen som takkar deg visst du slit deg heilt ut
Ikkje ein gang presten og fut
#dikt#humor
4 kommentarer
Herlig og flott dikt! ha en riktig god helg!
Flott dikt!
Victoria Larsen: takk
dvergpinschere i mitt hjerte: Takk:-)