Kva skal ein sei

Godmorgen
Her sit vi
Gamla og Ingolf og prøver å få ein god start på dagen
Kva som er ein god start er vi litt ueinige i
Men han har fått mat og eg kaffi
Begynnt å verte skikkeleg forkjøla
Kanskje ikkje rart for har kollegaer som er ganske så sylta
Er vel tid for det no
Men,håper på lightvarianten:-)

Nyheitene er prega av flyulykker.Nesten så eg kjenner smerten og panikken frå flyet som brann.Vorte vel mange av desse ulykkene og nestenulykkene i det siste.Når det først skjer med fly så får det så store konsekvensar.I det heile mange triste ting i nyheitene om dagen

Meldt vinter og vind.Er det noko eg ikkje treng så er det det.I måtte ut å køyre i snøkaven er lite kos
Takke meg til regn..

Eg sit under pleddet mitt og har det greit,enn så lenge
Ingolf har igrunnen mest lyst til å skyte hasselnøttene ein etter ein utover golvet
Sit og nistirrer på dei og eg berre venter på å høyre smellen..Trur han kjeder seg,,


Men får fortsette med kaffidrikkinga litt til.Fekk ikkje sove så vart litt for tidleg søndag for resten av meg:-)Er ei stund til seinvakt endå

Ha ein fin dag når det våkner til liv

7 kommentarer

Siste innlegg