Men idag har eg venta på feiaren…
No var det no stort slingrinsmonn på klokkeslettet..
Mellom 9.30 og 16…
Tenkte at i dag skulle eg halde meg heime..sånn at eg hadde litt kontroll på om han kom eller ikkje…
Til vanleg brukar eg å henge ein lapp..
Berre fei eg tek aska sjølv..
Ikkje kommen endå men har no ein time på seg
No veit eg ikkje om det var idag han skulle på Lifjellet å feie…då kan det ta tid
Så mens veret har vore nokonlunde så har eg brukt ventetida til å vaske litt i huset..på høg tid.
I mangel på frisk luft vasa eg meg ut i hagen..
Dvs .å kalle det hage er fullstendig feil
Her er det kun ugras og mose.
Pluss rikeleg hagejevel..
Er det nokon som treng litt ekstra i salaten er det berre å forsyne seg
Eg deler gjerne
Manglar i tillegg til ryggegenet og hagegenet..
Her er det stort forbedringspotensiale
Naturhage er tingen
Men fann no fram litt utstyr og prøvde rydde litt.
Er vorten litt sånn uframkommeleg
Gjenstridige greier
Litt rusta og ikkje heilt sprekt..
Litt som meg..men det funkar
Kom ei salig haglbyge å redda meg frå meir hagearbeid .Kasta ifrå meg alt..Fekk med meg sengkleda på snora å storma ihus
Reddast det som reddast kan..
Si no sit eg her og ventar på feiaren mens eg tek meg ein kaffikopp..
Håpar det lettar litt.
Bør nok få vekk meir kvist og kvast.
Helst henge ut litt klær og..
Men først drikk eg litt meir kaffi
#hhumor#ironi