Det går mot lysare tider

Kjenner at berre tanken gjer at eg smiler litt:-)
Ikkje så glad i den mørkaste delen av året,og kan gjerne hoppe over snø og vinter eg

Idag har eg berre kosa meg i regnveret
Skiskyting og siger til Tarjai ..Supert rett og slett
Middag og kvalitetstid med familien.Ikkje så ofte vi samlast lenger igrunnen.
Kjekt med litt førjulskos:-)
Koser meg med tv og julekjeks.
Godt julekjolen er av det romslege slaget.Orker ikkje dei store turane i regnveret..Men,det får heller berre vere som det er:-)
Ingolf søv.Heilt utslitt etter fullt hus.Følte jo han måtte vere sosil og:-)

Huset er julepynta.Må rydde på plass litt øskjer etter juletrepyntinga.
Ekte tre iår.Jammen nokre år sidan sist
Har slite litt med å få det beint
Frå kjøkkenet ser det heilt supert ut.
Her frå sofaen ser det ut som det har drukke opp restane av konjakken etter smoltringane:-)
Men ,det står no
Julestjerna passer ikkje til dei nye lysa..
Altfor smal
Mulig eg må sjå om det fins noko som passer litt bedre
Den klamrer seg fast så godt den kan
Jaja..Litt feil og mangler får ein tåle..
Berre å sjå meg sjølv i spegelen:-)
I morra får eg vaske over golvet og ta siste finpussen.
Julafta må eg på jobb..
Gjeld å kose seg mens ein kan

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg