Fridag på ein fredag:-)

Ikkje så ofte eg har fri ein fredag,men idag hadde eg det.-)

Hadde igrunnen planer om at visst det var fint ver så skulle eg gå på Vardeheia.

Vakna til eit veldig regnver og kjende det igrunnen gjorde godt..Men det var då eg vakna…

Letta etterkvart og sola kom:-)Nydeleg og alt for hett til fjelltur ,tenkte eg så tok med meg kaffikoppen og krimboka ut på altanen

Briller er viktig i min alder og godt lys.God bok og kaffien var ikkje verst den heller:-)

Men då sola forsvann vart det litt småsurt så tutla meg innatt og laga meg ein gedigen middag.Nesten kvalm endå.

Har ei enorm matlyst og er utruleg kormykje eg klarer stappe inn.Veit eg burde stopa lenge ¨før,men fornuften er plutseleg borte vekk for å dukke oppatt

etter måltidet er komme ned i magen og nesten oppatt i halsen:-)

Men fornuften sigra til slutt.Fekk på meg treningsklær og sko .Orka ikkje gå på Vardeheia:-(.Sette meg i bilen og køyrde til ytre Fjaler.Nydeleg derute og fjell i passeleg høgde for meg

 

Vått,grått svett og glatt men kom meg opp og ned

Litt trist å sjå ut på Lutelandet.Flott industriområde men ingen aktivitet…. 

 

Einingsfjellet og bygdeheia

I år har eg vore heime i ferien.Ikkje at det er noko nytt.Har eg ofte vore.Men slik er det for mange.Viktig er at ein tanker krefter og finn på ting for å gjere litt anna enn det ein normalt gjer

Gått mykje tur.Har vore fin temperatur til det om ikkje anna;.)Tur med barnebarnet på Einingsfjellet,Gå tur med unger er ein opplevelse.iallefall når han heilt tydeleg syns utsikta var kjemeflott .Han ville så gjerne ta eit bilde sjølv så eg sa at selvfølgeleg:-)I den tru at guten ville ha med besta på bilde så gjekk eg fram og stillte meg opp ..Då kom det.Du besta…Var ikkje deg eg ville ta bilde av men den fine utsikta:-))Jaja..Slik går det når ein trur ein er i sentrum:-))

ELiL
Var i det lengste laget syns jr._)

endeleg oppe:-)Her er berre heilt nydeleg:-)

Bygdeheia

Flott varde på Bygdeheia

Vått,hett,glatt og masse klegg

Sol og nydeleg ute så eg tenkte at her var det berre å trosse vilje og ut på ein liten tur

Gjer godt når ein først tek ut

Vått idag
Så var eit fæla strev.

Dei seier at kondis er ferskvare,men eg lurer å….Kor fersk skal den vere.Etter å ha pusta som ein kval og kjema meg til topen viste klokka at eg hadde brukt same tida som då eg starta å trimme.40 minutt…..akk ja.

Lykka var at eg opdaga at dei hadde fått ny bok.Førstemann som skreiv navnet mitt;.))Ikkje ofte eg er nr.1

grattis til dei som hadde vunne trekninga i forrege bok.Flott tiltak av Fure il

avslapping

Forkjølelse eller influensa.Ikkje veit eg kva det er,men iallefall slitsomt.Hadde igrunnen planlagd å gjere forskjellig i helga etter ei heller travel veke på jobb..men istaden vart det sofa,bok og litt hekling.Hadde sikkert berre godt av det.håper denne virusen snart er ute av kroppen,for no er eg lei.

Meldt sol frå i morra.Berre tanken hjelp på.gleder meg til sol og sommar:)

avslapping

Forkjølelse eller influensa.Ikkje veit eg kva det er,men iallefall slitsomt.Hadde igrunnen planlagd å gjere forskjellig i helga etter ei heller travel veke på jobb..men istaden vart det sofa,bok og litt hekling.Hadde sikkert berre godt av det.håper denne virusen snart er ute av kroppen,for no er eg lei.

Meldt sol frå i morra.Berre tanken hjelp på.gleder meg til sol og sommar:)

Frisk luft er gjer godt

Vind for tida og det ikkje så lite heller.Men det er bart på vegane,så skal ikkje klage

Har starta å gå tur.Nytter ikkje lenger å sitte i ro i sofakroken og gremmast over manglande kondis og kilo som legg seg der dei ikkje burde.

Så no har eg altså forsøkt å skjerpe meg.Gått tur og det fleire dagar på rad.Pakka på meg som eg skulle på nordpolferd,for vinden går jo gjennom marg og bein.

men godt gjer det og søv bedre gjer eg og.No er det berre å prøve å fortsette å halde viljen i sjakk.ikkje alltid den er på topp for å sei det slik

 

Vore til frisøren har eg og.På høg tid for var litt for mykje grått for å sei det pent.Ikkje særleg pent med fleire cm.ettervekst i halvlangt hår.

Kom seg.Om ikkje dama vart penare så vart no i det minste håret litt meir ryddig:-)

Belønna meg med å lage lasange til middag.Mykje godt frå Toro.Kva skulle eg ha gjordt uten.Inga kokke.Men smakte godt,så eg er vel fornøgd:-)

 

Har lasta ned appen til tv2 sport.Blid dame som fortel meg kor langt eg går og det med kilometer i timen.Held meg på vel 5.Ikkje alltid eg ser kva eg trykker på,så får antageleg lære meg å ta med briller.

Gjekk lang tur igår.Kor dei km vart av veit eg ikkje for vart iallefall ikkje lagra.Har antageleg trykt på feil knapp etter målgang:-)men veit no at eg har gått og dama var oppmuntrande.Raskaste km til no seier ho,når eg skrur opp tempoet.Ikkje så ofte ho seier det igrunnen for eg har det med å gå raskast i starten:-)Men er no alltid koseleg å ha selskap på turen:-))

Hjelper dei som ingenting gjere:-)

Lørdag og eg gjer som vanleg ikkje ein skit.

Hatt meg ein lang avslapping i badekaret og det gjorde godt.

vurderte å ta ein tur ut,men bles slik at det frestar igrunnen ikkje.

Så eg sit no her og gjer ingenting.

Fyrt i ovnen om ikkje anna.Håper på besøk av gullungane mine idag.Får fart i ein gammal skrott:-)

Vinterdepresjoner er det noko som heiter og trur eg er ramma av det.Har liksom ikkje lyst til nokon verdens ting.

Men det går no mot lysare tider og får håpe og mot tiltakslyst..kan no leve i håpet om ikkje anna

Beundrer dei som har energi til trim,jobb ,familie og venner og ser ut som dei endå har tid og overskudd til mykje meir.

Veit jo at ein får meir energi av frisk luft,men er nok viljen min det skorter på.

Ikkje så glad i kulde.Og vinden gjer det temmeleg kaldt etter mi meining.

Men får vel om ikkje anna henge opp litt klær,sette på ei vaskemaskin og ta utav oppvaskmaskina.Det burde eg jo klare:-)

Latskapen lenge leve

Langfri og avslapping

Det er torsdagskveld og eg kjenner at gleden over å ha fri i tre dager tek overhand:-)

Kjøpte meg roser idag for å belønne meg sjølv.Vel fortjent,tenkte eg.

Ovnen brenn og lyser så flott der den står.Sjølv har eg rulla meg godt opp i sofaen i godteppet mitt.

Funne fram nettbrettet og wordfeuden,kryssord,hekletøy og kaffikoppen.Litt lesestoff har eg og i nærheita.

Ute uler vinden om hjørnet og det kjennest bitande kaldt visst ein prøver stikke nasa utafor døra,så eg kjenner at jammen har eg det flott her oppi sofakroken

Godt å finne roen.Så får eg sjå om eg eventuelt skal gjere litt i morra.Burde nok tatt litt i huset,men det vert iallefall ikkje i kveld.

Nydeleg dag,men kor er eg?.Inne.

Fantastisk flott ute.kvitt ,nydeleg solskinn.Men eg frys.

Burde nok ha vore ute og nytt veret før arbeid,men eg orkar rett og slett ikkje.kroppen heng ikkje heilt med,og trur viljen heng litt etter den og visst eg skal vere ærlig.

Så no sit eg her og hjelper dei som ingenting gjere mens eg venter på våren

Imens lager eg meg mat.Det vert det litt for mykje av.Ser på alle trenings og kostprogramma på tv,og tenkjer at No .No må eg ta meg sammen,men vert ikkje i dag.

Skal eg vere ærlig så er eg glad i litt meir milde temperaturer.Ikkje det at eg trur kroppen min vert så mykje mjukare og at eg verker mindre med å ta det med ro,men trur ikkje minusgrader gjer meg så godt heller.Er nok kommen inn i ein negativ trend,og den einaste som kan snu litt opp ned på livet mitt og endre tankemønsteret er jo meg sjølv:-)

Bruke vijen min som eg veit er der berre eg tek den fram.Slik som det no er har eg mest lyst å krype i hi og verte der ei stund.Krype utatt i mars eingang.

Er nok bjørn eg skulle ha vore antageleg.

hadde muligens vorte noko kjedeleg og einsformig det og når eg tenkjer etter.

Vert ikkje gjordt stort eller bevega seg mykje når eg er i den bobla.

Går mot lysare tider og forhåpentlegvis varmare.Gleder meg .Og er jo flott med snø og sol,iallefall når eg ser ut..:-)

Er no snart tid for jobb.

Kjekt å ha ein jobb å gå til,iallefall når det er ein jobb eg trivast med.Tungt til tider,men og kjekt.

Få le litt,Utfordre meg litt og treffe folk ikkje minst.Litt sosial trening har eg berre godt av.Lite sosial utenom arbeid merkar eg.Mindre og mindre igrunnen.

Greit å trivast i eige selskap og,Har jo Rolf:-)Ingenting kan irritere meg meir enn han.Katt med personligheit.Like sær som matmora