Etter å ha sett på fleire episodar av sinnasnekkaren,så tenkte eg
Jaja..Her er det berre å sette i gang å male om du kan det eller ei
For at det trengst å pussast opp hos meg er det ingen tvil om
Så no har eg starta på dørlistene..At dei er vorten fine er sterkt overdreve.men innsatsen min er det igrunnen ingen ting i vegen med..
Steike glad det er i mitt eige hus eg pussar opp og at det kun er eg som treng vere fornøgd
Ikkje har eg nokon å kjefte på heller,og det er sikkert ein stor fordel..
Må ærlig innrømme at fort går det ikkje,ikkje er eg flink heller.men går no i det minste på fram.Litt om gangen og så å gjere seg ferdig er viktig:-)
Mykje planlegging og i ei dørlist
Katten såg til og med ut som han var skeptisk til resultatet.Tilbydde seg til å med å hjelpe til,men sidan eg no ikkje har for å male golvbelegget,så avslo eg om ein smule uhøfleg..
No har eg tatt kveld.Kanskje eg skal ta fram neste prosjekt eg har på gang
hekle julegardiner,,Blir no ferdige ei eller anna jul sikkert
Ikkje for det.Godver har vi ikkje hatt så mykje av,men sidan det har vore lite med vind har lauva på treea fått stått i fred.
Ei veke med nydelig ver i oktober gjorde liksom susen.Humøret steig betrakteleg
No er det plutseleg vinter:)Ikkje så glad i snø.I motsetning til mange andre er eg ikkje typen som er født med ski på beina.
Har prøvd,men dei gjekk feil veg og det i susande fart..så den står eg over..I min alder skal ein og passe seg for lærbeinsbrot og andre komplikasjonar:-))
Vinteren gjer sitt inntok
hausten må sleppe tak
No er det tid for snømåking lesing og innekos,Hadde det ikkje vore for at ein måtte køyre på glatte og sørpete vegar og måke snø ,så hadde det ikkje vore så verst:-))