Berre å nyte


Var rett og slett nydelig på rusleturen min.
Måtte klarne hjernen litt etter å ha styra med grunning på vegger.
Vart eit styr..lurer litt på kva for type maling som var på denne veggen..
Er eg så uheldig å male bortpå der eg alt har malt,så dreg eg av malinga igjenn.
Heldigvis er det ikkje malt på alle vegger..
Vert mykje pussing og mange strøk..
Men ikkje idag..

Må berre sei at dette synet gjorde godt for pulsen og humøret..

Litt trolsk stemning..
Fekk strikketråden eg hadde bestillt idag..Mor mi skulle strikke sokker..
Var berre fargen som stemde…Ho spurde om eg hadde hatt brillene på..
Hadde kunne vedda mykje på at eg hadde bestillt rett merke..
Jaja…Handvask er tingen..

Sett heimafrå..
Gidd ikkje gjere meir idag..
Berre hekle litt.

Krølle meg godt opp i sofaen og sjå tv.

God lørdagskveld

No slår eg på stortromma

Luksusfella neste..
Det er å overdrive..
Men no vert det varmekabler i kjellarstova..
Skal det vere så skal det vere..
Ikkje noko billig oppussing.
Men må til,så får ta den kostnaden…
No har eg plutseleg fått litt tidspress på maling og utrydding.
Her må det verte litt framgang i sakene..
Har ikkje gidda gjordt ein skit på lenge..

Skjønner heller ikkje kor eg har gjordt av alt julestyret..
Mulig det er på høgeloftet…eller det er nissa vekk..

Har idag faktisk gått tur innover i fjorden..
Mot normalt.

Fint inni fjorden og.
NYDELIG SOL

Var på kaffibesøk før eg snudde heim.Ja ikkje hos denne typen altso..

Amaryllisen har bomma litt på jula,men fin er den…

Sove litt lite merkar eg..
Trur eg skal krølle meg opp i sofaen

Lysglede og førjulstid

Sånn etter mørket var starta å legge seg over sansehagen vår på jobb,oopdaga vi lys i mørke..
Der gjekk teamledarane våre og hengde opp lys etter jobb..

Skikkeleg koseleg for oss som sat innafor vindauga og kosa oss med sjølvbaka lefser og julekjeks og høyrde på julesangar..
Kom skikkeleg i julestemning..
Litt meir ein sur opplevelse for dei i hagen..men det merka vi lite til..

Er der eg har julestemninga..på jobb
Heime ser det ut som totale kaos..
Ikkje har eg baka og verken rydda eller vaska..
At det går an…
Uff.
Ikkje får eg sove heller..
Så her sit eg klokka 06 og skriv blogg.Burde nok heller ha rydda
Den einaste som er fornød med det er grendapusen som har fått mat..
Dundra på glaset i utedøra så det sto om liv..
Så mager er den slett ikkje..

Om eg kjem igang med noko idag…
Tja har heldigvis fri..
Så tek eg det derifrå.

Ha ein super fredag..
Vert nok jul hos meg og

Moderne tider

Er ikkje berre på privaten hos oss menneske ting kan skjere seg..
For koronaen har visst tatt på samlivet til nissefamilien på jobb og.
So no har dei tatt med seg kvar sin unge og flytta i kvar sin krok

Pappaen held til med eine tvillingen i nærheita av døra..og selvfølgeleg må ein følge med på begivenheitenes gang.

Nissemor bur så langt frå som ho kan.
Utsikt var prioriteten der..

Ser ut som det er ei god løysing..

Sjølv har eg putla meg heim.
Hopp på tv og middag i emning..
Eg er svolten❤
God helg

Eg frys


Mest på beina..
Kjem det snø?
Sliten kjenner eg.
Fridagen har gått med til møte.
Ikkje 20 lenger kjenner eg.
Ikkje berre berre..
Men men.
Vert ikkje gjordt mykje her i huset.

Vinter i lufta..

Hadde planer om å få opp adventslysa idag..jaja..er ikkje søndag endå..

Viktig å slappe av og.

Lefsebaking er tingen

Ikkje for meg altso.

Flinke kollegaer eg har..
Baking på jobb.
Eg held fortet så lenge.
Tok si tid,og lukta nystekte lefser..
Vert svolten av slikt.

Så kom diskusjonen..
Skal dei steikast på 1 eller 2 sider..
I gamle dager var det 1 sa mor mi..
Det var det her og.
Måtte spørje idag for meinte ho steikte på begge..
Det gjer ho..
Det var det nokon av damene på avdelinga som og hadde gjordt..
Eg lærde korleis ein bretta og la inni..
Ellers hadde eg mest tid med dei som venta på smaksprøven.
Var ifølge dei himmelsk❤
Gjer seg med aktiviteter på jobb,men lefser tek tid..
Så neste gang tek vi peparkaker..
Eg er best på å vaske opp.

Bør nok leve litt sunnare for kjenner at lite bevegelse og høgt matinntak og mengder søtsaker ikkje er så lurt..

Ha ein super kveld

Ruskete både ute og inne

Kor tek folk energien sin frå ..
Eg har null og helst på minussida.
Trur eg er versjuk..
Rusla ruta mi sånn nokonlunde uten regn

No er det skikkeleg ruskever…
Ikkje at det har vore bra føridag heller..
Har ikkje det minste lyst å gjere noko i kaoskjellaren heller..
Pussa ein vegg og gjekk lei..
Er no søndag.
Steikte meg lyr til middag.
Himmelsk..men vart eg blidare..niks
Bør nok kanskje ta meg litt ihop..
Lurer på kor eg har adventslysa..
Kanskje eg skulle henge opp stjerner no i desse tider..
Får prøve leite fram litt energi ein plass.

Fekk ikkje meir energi av å lese kommunebudsjettet..

Rett og slett sånn surmag idag..
Godt det kun går utover meg sjølv

Med dunder å brak..

Sov lenge og hadde meg ein avslappingsmorning.
Regn og vind…
Men,kom meg no ned i kjellaren til det blå vidunderet..
Og idag starta den..
Men det var ikkje berre eg som var vaken.
Tor med hammaren hadde tydeleg ein dårleg dag..
Torever og strøm er ikkje mi greie,så tutla meg i full fart oppatt for å dra utav dei støpsla eg kunne.
Har dårleg erfaring..Hagl store som klinkekuler…bad day
Men,aldri så gale at det ikkje er godt for noke..
Fekk tørka litt støv og fanga nokre hybelkaniner..
Og no er tapeten borte vekk..
Og det er trinn 1..
Vert nok dyrare og meir arbeid enn eg tenkte..
Men sjå kva som dukka opp..

Veggmaler❤❤
Koselige minner❤❤❤
Varmer eit mammahjerte etter mange år..

No er det Skal vi danse og sofakos..
God lørdagskveld i ruskeveret

Dra meg langsomt….

Idag tenkkte eg…no skal tapeten til pers..
Har hatt pause ei stund,for med vatn og skrape var det nyttelaust.
Men tapetfjernaren var på plass,så gamla fann fram bruksanvisninga og sette ihop.Enkelt:-)
Fylte opp med vatnog venta…Sto 15 minutt.
det gjekk 15…ingen reaksjon…ikkje vart vatnet hett og damp var det så aldeles ikkje.Einaste som vart hett var temperamentet mitt.Så eg sjekka ledningar.Alt som det skulle…Og venta ..og venta.
Sende i frustrasjon snapp til naboen om elendigheita..
Fann fram vatn og svamp og skrapa og sa nokre mindre pene ord…mens eg skulte på pokkerskapet:-)sto no der og jobba i mi eiga verd…Plutseleg banka det på glaset,…ikkje godt for sarte sjeler..
Skreik så dei antageleg kunne høyre meg kilometervis..Glad eg bur langt frå folk..
Men du veit…

Junior han berre sjekka ledningane og vips starta elendigheita som ingenting var hendt…
Reine julekvelden.
Så no er tapeten kommen av den eine veggen.
Imorra får eg ta neste.Mulig tapetfjernaren har eit personleg problem med meg..Skjønner den godt.
Men var i ferd med å verte gjensidig.
Men får vere nok for idag.
Har funne roen med tv og familiens ære:-)
Kan ikkje slite meg ut heller

Ha ein super fredagskveld

Gamla og kulden

Vi er ikkje heilt på lag..
Nattevakt og kulde og snø er berre elendigheita.
Vind og snø endå verre..
Vakna stivfrosen halv ett…på dagen altso.
Kroppen var pinnestiv og verka …
Kul og sove..
Kikka ut glaset..såg snødrevet…tok dyna under armen og tusla inn på sofaen.
Tok tjukke sokker og genser utapå nattkleda..
Har varmepumpe altso..
Fann smertestillande.passa på å få i meg næring..
Mat hjelper mot det meste..
Kraup innunder dyna..
Sovna etter litt..
Her var antagelig plassen

Litt av eit syn..


No trur eg snøstormen er vorten til regn.
Godt eg skal haike med ei superdame på jobb.
Eg er pyse..
Kom litt fort denne snøen.
Men vi er jo i midten av november..

For min del kunne vi hoppa over både snø og kulde..
Men skal vel tenkje på min neste..
Av og til kunne eg tenkt meg å vere reinspikka egoist..
Løye med det..
Men passer seg ikkje.
Har verken baka eller vaska og veit ikkje om eg skal heller.
Mykje godt på butikken.
Er berre å dra over golva,finne fram julestyret og vips er det jul.

Må no handle litt gaver..
Er lat fortida..Men har no litt tid endå..