Ferie😂

Nyt livet på takterrassen.
Litt sånn halvdau etter ei heller søvnlaus natt på bussen

Her er det verande.
Litt vind som rusker meg i håret..
Mangler berre basseng😎
Sov litt på sofaen til dattera og godt mulig eg sovner no og…
Herleg med ferie

Total avslapping

Overskya ute og var nesten godt.
Sit og nyt frukost og kaffi og berre lar roa komme.
Litt greit med innedagar av og til.
Vert lite gjordt inne av meg i godveret.
I det minste nå eg iallefall vaske håret😊
Er lov å vere giddalaus av og til.
Har jo ferie😊

Bading…..nei

Alt for kaldt  i vatnet.

Hadde i grunnen tenkt.
Etter å ha rydda litt innandørs og hatt meg ein tur på Bygdeheia var det frestande

Stiv og støl etter gårsdagen tenkte eg at ein liten tur var tingen.
Svett og forkava fekk eg med meg mor og søster på badestranda.. .
Litt kjekt å slå av ein prat med andre om ikkje anna…
For fekk kun vaska tærne😎
Kven var det som var uti opptil fleire ganger…
Veslesysta selvfølgeleg

Blått og flott sjø…
Men…..for kaldt for gamla…
Var og er ei pyse…

Laviksåta til sauesnyken.Gamla på tur

Heldige meg som fekk vere med på tur.
Kjekt å gå med andre på litt lengre turar…
Men starten var tung

Det er langt opp…

Vi gjekk og vi gjekk.
Utsikta er verdt slitet

Kondisen snakker vi lite om

Den mestringsfølelsen😊
Men må ha litt pause

Verdens beste turfylje😊

Utsikta på toppen må opplevast.
Fuglesang og molter😊dei siste var ikkje modne…

Magisk

Matpause trengst…
Slitne og varme.
Kleggen hadde fest idag.
Sikkert fordi vi er uimotståelige😎

Vel nede kom skoa fort av.
No nyt eg tilverelsen på altanen.
Burde nok strekt litt ut😎
Det kjem nok ein dag i morra.
Men enn så lenge går det supert.
Takk til jentene for ein super dag🤗

 

#fjelltur#turløype#varde#ferie

Ny sofa er ikkje berre berre

Jada…fått vidunderet i hus..
No var det berre det at den var speilvendt frå det eg bestillte…
Så vart eit fela styr.
Stort slåk.

Måtte ommøblere…
Vart ikkje plass til bokhylla..
Den måtte flyttast.
Sofaen eg hadde er dratt ut i gangen..
Kjem no inn og ut😎
Eg fekk den ikkje lenger…
Bokhylla er tømt.flytta og fyllt oppatt

Får håpe eg har fått beina nok festa.. .
Tok jo dagen.
Men sofaen er faktisk god å sitte i
Godt fornøgd med valget mitt.
Mulig sofaen berre skal få vere som den er.
Modulsofa..kan flytte på armlena…
Men for eit arbeid😂
Har jo ferie…
I morgon håper eg på fjelltur

 

#Sofa#møbelringen

Har posten fellesferie skal tru?

Heilt tomt…..
Bruker vere både reklame og avis der altso

Jaja…minner meg om kontoen min…
Er nok ei forlaring😊
Brasil gjekk no vidare i vm
I det minste noko som er normalt…
.

Jaja….ferien er her💥

For det meste heimeferie på meg.

Gjeld å gjere det beste utav det.
Kjøpt meg ny sofa…
Kan ikkje få i pose og sekk.
Etter å ha venta på dette vidunderet i 2 månader skal den komme idag..
Er redd den ikkje er som eg har tenkt…..
Kan verte ein dyr glipp…
Jaja..må uansett leve med det…

Må få ut den andre og…
Så må vente til onsdag…
Kan hende eg er glad til..
Er fargen eg er usikker på…
Er litt impulsiv til tider og det sler sjelden godt ut…

Så no nyt eg sola og vinden.
Høyrer at graset vert slått på hi sida av fjorden
Sommer❤

Velkommen juli

Nyt sola og morgonkaffien
Gamla har sove lenge.
Snart sommarferie.
Må berre ha seinvakt først.

Sola har snudd og kveldane vert gradvis mørkare.
Det er det fine med tidleg ferie..
Kveldane er fortsatt lyse

Båttrafikken på sjøen minner om at sommaren er starta.
Fantastisk dag.
Sol frå blå himmel.
Sjøen er veldig blå for tida.

Skal slappe av og nyte livet no på formiddagen.
Tanke krefter i sola og lese litt❤

God søndag

Frisørbesøk må til:-)

Idag har gamla vore hos frisøren.Fått farga etterveksten.

Mulig eg er forfengeleg eller kanskje berre dum,men klarer liksom ikkje la det grå vekse ut:-)

Fekk ei overhøvling av augebryna i samme snuren.Dei har det med å vekse i alle retningar.Like gjenstridig som meg

Nydeleg sommarver og sidan eg ikkje var i sitte på altanen modus så strauk eg til fjells…

Høyres flottare ut enn pesa meg opp:-)

 

Fantastisk ute rett og slett,Sommar:-)Kjekt å gå å surre litt på fjellet i sval vind:-)Får litt trim samtidig som eg får frisk luft:-)

Gjorde godt og vart sliten:-)Varmen kan jo ta på ein stakkar for ikkje å snakke om alle kleggebita.Helsikens småkryp…

Vel heime vart det solseng og krimboka mi.Solbrent på skuldrane trass solkrem.Fregnene sprett ut og brunfargen den ser eg ikkje så mykje til

I morra er det seinvakt før ferien tek til:-)

Var innom grava til pappa og idag.Gjev ro på gravplassen.Tok meg ein prat med han som eg brukar gjere.Blomstrer så flott der.Mamma steller fint:-)Pappa -)

Likte godt blomster

 

#Tur #foto#humor

Gamla nyt tilverelsen

Kan ikkje ha det bedre enn dette😊
Litt vind er berre fint.
Sommer idag og må nytast

Har klippet litt gras …berre litt.
Får bedre samvit😂
Kosa meg med fjellturer og nytt livet

På Alden håpar eg at eg kjem meg i løpet av sommaren.
No ligg eg i trening for bedre form…
Men den er desverre stabilt dårleg.
Tida eg brukar er stabil og langt over gjennomsnittet.
Men kva gjer vel det..
Eg koser meg på tur sjølv om eg tidvis hiv etter pusten og beina kjennes blytunge…

Vakkert på fjella i ytre Fjaler.

Boka verkar spennande og gamla soler flesket❤
Livet er supert.
God helg🌹