På loffen😊

Ute og farter litt.
Reist litt lenger inn i landet i håp om mindre mygg og vind😊
Misunner dei litt uteområdet framfor huset

Triveleg😊
Vert sikkert mykje brukt

Fått med meg avslutning til skulemusikken.
Slikt er litt stas for ei bestemor😊
Om eg har gått glipp av nokre fotballkampane så fekk eg no med meg dette😊
Dei har til og med nok vatn😊
Stooore ting for meg som sparer😂
Finne glede i dei små tinga er viktig har eg høyrt…
Ligg nokre bøker framme

Veit ikkje om det er eit hint😊
Vert freista å lese og sjå kva det handler om😊

Men eg har med meg strikk😊så treng ikkje lese😊
I morra er det meldt mykje ver.
Merkar at det er varmare her enn heime.Mindre vind og…
Men regn treng vi.Meir skeptisk til sterk vind.

Tenkte meg inn til nærmaste by imorra.
Har litt vanskelig for å tenkje på Førde som by…men den er jo det…
Larrisen er klar for meir utfart…
Gleder seg til å få ein dusj han og

Gamla i vinden😊

Bokstavelig talt.
Var rett og slett hårreisende på toppen av Einingsfjellet i ettermiddag

Flott er der jo

Men å sei det var koseleg der idag er å overdrive

No er no varden heller ikkje noko å skrive heim om stakkars…Går ikkje an å gjømte seg bak den eingang😊

Men gjorde mitt beste slik at eg fekk skrive meg inn i mantalet😊
Flotte tillagt løyper i ytre Fjaler.
No er det i tillegg knusktørt😊

Var kjekt å gå.sånn passeleg hett..
Unntatt på toppen😊

Koseleg liten steinbenk.
Er jo unnagjort på vel timen sjølv for gamlemor..
Halvparten er nok normaltid opp og ned for dei trena.
Brukar nesten lenger tid nedsatt eg.
Mykje pusting men gjer godt for sjelefreden.

Blomstrende mine lir stakkars..
Men har ikkje vatn å dele..
Veldig tørt

Og sjå kva eg har funne😚
Kvelden er redda…

Her er det eg burde gjordt ferdig…
Hm..har heklesperre trur eg..
Tja…får sjå…
Vi ligg under i håndball.. .det er verre…
Vert berre feilhekling av slikt😊
Så lar vere

#tur#foto#natur

Ole Lukkøye er forsvunnen

Totalt fråverande…
Eg vil sove eg…
Skit i sommernatt for gamla er trøtt.

Antagelig formykje kaffi ,sånn utover kvelden.
Trur ikkje det var fjelluft..
Kven veit..
Iallefall fått hoste og vond hals.
Skikkeleg ferie modus med andre ord.
Og meldt regn.
No er det ikkje noko feriever i vente, men eg bør rydde inne.
Finne att alt eg rydda vekk i vår..
Ja noko sakner eg ikkje…
Og skal verte godt å kunne dusje heime😊

Syns denne er litt smart😊
Lurer på om eg skal telje sauer…
Kan no sove lenge i morra😊
Det er det gode med ferie….

Om ikkje anna så får eg no sjekka bilda mine.

Gamla i farta

Har ein ferie så har ein ferie.
Damene tok av til Førde.
Den eldste som sjåfør…
Har no størst bil😃

No hang eg meg no liksom berre på…
Skulle ikkje ha noko. Litt mat…
Men…alt kva ein treng

Fekk bilde av denne på telefonen…litt tekst var der og…
No ser eg  ingenting uten briller og sidan eg ikkje hadde dei der og då så såg eg null og niks..
Kva er det bilde av og kva står her…
Spurde ho mor…
Boremaskin kom det kontant…
Jau….
Ringde jr.. .
Meiner du eg treng denne…
Tja så han…var no eit tips..
Kva til?kva er det?
Er myggfelle🙂
Oj sa eg….trudde det var eit verktøy
Men sidan eg har snakka om det …så kjøpte eg…Tilbud må vite 😚
Om den virker gjenstår og sjå.
Jr .har fått den på plass i hagen..Flink😊
Godt det er feriepeng i morra for no er eg blakk…
Ikkje får eg att på skatten heller…

Tenkte eg fekk ta ein gratisaktivitet så rusla på fjellet då eg kom heim…

Vakkert i naturen

Får trim og sjelefred på ein gang😊
Er berre det å få på meg desse joggeskoa

Men helsikes med klegg…
Og dei elsker meg…
Nokre av dei få som syns eg er både lekker og tiltrekkende.. .
Ikkje gjengjeldt 😎

Alden hadde hette på.

Vakkert lys😚
Litt sur vind på toppen så var rask.. .
Litt smerter i knea etter nedturen som vanleg..går over..
Godt fornøgd med feriedagen😚
Men jammen glad pengane snart kjem på konto😊

Må ha noko snop 😊

#ferie#foto#tur

Feriemoduset på bærtur

Ferie…
Visstnok..men vore på jobb så ikkje heilt funne rette stemninga.. .
Ute er sur vind…litt småkaldt og tørt…
Kunne godt komme regn og når det først baler med det…

Lei av å hente vatn og dusje hos naboen…
Leikar eg er på camping..
Sånn sett er det greit å ha ferie…

Vel heime frå jobb så rusla eg meg ein tur etter vegen…tenkte det gjorde susen…
Til eg åpna Facebook.. .
Herrefred kor spreke alle er😎
Her sit eg og langa i meg kaker sånn heilt åleine..

Vart til at eg tok Larris på ein snartur så eg kom meg på Bygdeheia..
Nett passeleg tur for gamla 😊
Eit par hundre meter får halde…
Har ikkje sånne hårete mål..
Tusler no avgårde i mi eiga verd…
Ikkje hadde eg med meg mobilen heller…
Det brukar eg…litt greit å kunne ringe om ein er i nød…
Gjekk no bra.
Klarer oss før i tida og😊

Men har jo vore der før må vite…
Så bilder det har eg…
Var til å med komme ein rød postkasse der.
Var på Einingsfjellet i fjor.. .
Er sånn ti på topp i Fjaler greie…
Eg heng ikkje med på det.
Har mine eigne toppar eg..😊
Dvs.må vere godt merka…
Skal bruke ferien til å finne att strikkepinnene.. .så har eg no arbeid den stunda😊

Gamla har bursdag…

Feira med meg sjølv og stillheita.
Kaffi med ho mor😊

Gadd ikkje ein gang å gå tur…
Tek på å verte eldre må vite…
Men slappa av med bok og kaffi.

Lurer fælt på kor eg har gjordt av strikkepinnene mine…
Borte vekk…
Har dei nok på ein lur plass…
Litt for lur for meg..

Skya over idag så eg håpa på regn…
Den gang ei.
Har ferie frå mandag…mulig det kjem då..
På laurdag har eg meldt meg på tur til Alden..
Då er det meldt full åpning på alle sluser…då vil eg ha opplett…
Har liksom ikkje heilt lyst på fjellturer fortida..
Kvifor veit eg ikkje…er jo tørt..
Orm overalt…
Grøss og gru…ser jo nesten ein for dagen og meir til…
Og i år er det nær huset…
Jau då….mulig nokon syns dei er pene.. .eg likar ikkje slanger.. og er giftige..
Held med kveps,.klegg og mygg…

Sær gammal kjerring antagelig…
Snart leggetid…dagvakt imorra..
Litt kjekt å sjå folk😊
Kan no verte litt mykje i eige selskap til tider.
Ikkje rart eg vert sær.Lat er eg og.
Får trimme meir seinare ein gang…

Trur det er litt for lite regn …nett som naturen…eg tørkar ut😊

Skjerp deg gamla😎

Våkna tidleg men…skikkeleg skallebank…ingen bakrus😊
Tok meg Paracet og vatn og tusla inntatt til senga…
Vært verande der både vel og lenge.
Viktig å våkne sakte men sikkert.

Tusla meg ut på altanen med kaffi og knekkebrød…
Hadde nok vorte der hadde det ikkje vore for gale Lise…
Ka søren. Skulle ikkje du verte litt sprekare?
Trur du det hjelp å sitte på reva og sukke over for mange kilo og dårleg pust?
I grunnen ikkje…så gamla fekk på seg  
Joggesko og labba iveg

Litt greit å kunne sleppe køyre bil.
Makeleg anlagt så tok det nærmaste fjellet

Appelsin og pause på toppen er tingen

Når ein er oppe så lurer eg på kvifor eg ikkje går oftare…
Er den dørstokken.

Etterpå flata eg ut  på solstolen.
Nordavind så nett passeleg lesever. Så lenge eg held fast i boka…
Glad og lukkeleg fann eg fram krimbøker.. .
Det var då eg kom på…
Er gruppesamling i velferdsteknologien på onsdag….puh…
Skal jo lesast først…
.

Ikkje glad i fremmedord…Aldri vore det…
Så gjeld å finne eigne ord så eg skjønner kva eg styrer med🤣
Greit med slike samandrag

No er det no gjort…
Bør nok gjere det ein gang til kanskje…
Eller skumlese…det er eg god på😊
Om ikkje anna…

Til og med vore hos naboen og fått dusja…
For her er det lite vatn…
Har sine bakdeler med eige bekk.
Naboen har borehol..så der er nok heldigvis…
Er jo kanskje gale å ønske seg regn men det gjer eg….
Kunne ha regna om natta…men lite regn i sikte…
Har ferie frå 11.Då er det nok eit håp😎

Latskapen lenge leve

Altanlivet er supert.
Vinden gjer at temperaturen er nett passeleg.

Har eigen bekk og vatnet minkar.
Så god samvittighet for ikkje å vaske golv.
Går jo vatn til alt😊

Fantastisk bok av ein forfattar som dessverre ikkje er blandt oss lenger.
Fengande krimbok.

Ferdig med. og den er lettlesen og det er det eg har gjordt på idag.
Vurderte å gå fjelltur men vart med tanken..
Latskapen lenge leve.
Ikkje for det.kan fortsatt gå….men ..
Funne meg nok ei bok.
Om den er god det gjenstår å sjå

Om ikkje anna får eg rusle stripa mi etter vegen.

Velferdsteknologi

Framtidas eldreomsorg..
Eller eit flott hjelpemiddel.
Ferre hender  krev annan måte å tenkje på.

Velferdsteknologiens ABC.
Spennande.
I dag var vi på oppstartsmøte på Skei i strålande varme…inne….
Vel hett ei stund…

Heretter vert det gruppearbeid…
Brukar å vere både lærerike og samlande slike ABC kurs
Begynner å dra på åra sjølv..
Dette er nok det som møter meg når så langt lir
Men hjelpemiddel kan ikkje erstatte menneskelig omsorg.
Det skal og vere på brukarane sine premisser.. .
Så no gler eg meg til å ta fatt…
Men eg likar å lese og faglitteratur kan vere kjekt.

Men idag var det vel hett.
Allikevel greit å høyre om Nordhordalandprosjektet..

Men litt teknologi har vi no alt…

Held på å renne vekk her eg sit.
Tidligvakt i morra.
Håper i grunnen på ei regnbyge..
Hadde vore godt for marka og friska opp lufta.

Men det styrer ikkje eg😊

Gamla tok av!!!

Fekk den glupe ideen å gå på Vardeheia på det heitaste…
Systa vart med😎

Heldt på å få solstikk…kleggstikk fekk vi

Men….fantastisk på toppen

Vi riktig slappa av.var ein liten bris og fantastisk😊Bilringen skikkeleg kosa seg i sola:-)

Viktig å lufte beina litt..
Men det var då gamla fekk den glupe ideen og gå nedsatt i Varlida…
Hadde gått der ein gang før ,med kjentmann.
At det var lenge sida og at det var ein utmerka og tildels vanskeleg å finne sti…det hadde eg fortrengt..

Systa vart med…
Ned frå varden  kom vi….
Men der starta problema…
Eg har null retningsans og tok av mot nord.. .visstnok..Skulle liksom vere den som hadde peiling:-)

Der kom vi til eit vatn…
Hm..sa eg…det har eg aldri sett før…
Så opplyste systa  om at no var vi på god veg i retning Dalsfjorden…
Der skulle ikkje vi…Var du virkeleg her sist?
Tja…hadde fortsatt ikkje skjønt problemet…
Men skjønnet no til slutt at ho hadde nok rett…
Opp på ei høgd og speide etter sti…

Syns eg huskar ein kvit stein..,sa eg sånn lettare forvirra…
Og der…langt borti på ei myr såg systa ein stein.. .kvit,,,
Med den som utgangspunkt  var retningen funnen…
Med tid og stunder og stien

Gjekk ikkje heilt på skinner etterpå heller men….vi fann fram.Utsikta  ute på fjellet er fantastisk:-)

Lang og litt vel varm tur…
Men frisk luft og mykje natur

Må sei eg syns det var godt å komme nedsatt i sivilisasjonen..
Fortsatt venner😊
Vaflane til mamma smakte kjempegodt som premie😊

Håper nokon merker den der løypa…
Og det tett…
Har ikkje tenkt å ta den på ei stund og iallefall ikkje som kjentmann:-)
#tur#natur#bilder