Fekk den glupe ideen å gå på Vardeheia på det heitaste…
Systa vart med😎
Heldt på å få solstikk…kleggstikk fekk vi
Men….fantastisk på toppen
Vi riktig slappa av.var ein liten bris og fantastisk😊Bilringen skikkeleg kosa seg i sola:-)
Viktig å lufte beina litt..
Men det var då gamla fekk den glupe ideen og gå nedsatt i Varlida…
Hadde gått der ein gang før ,med kjentmann.
At det var lenge sida og at det var ein utmerka og tildels vanskeleg å finne sti…det hadde eg fortrengt..
Systa vart med…
Ned frå varden kom vi….
Men der starta problema…
Eg har null retningsans og tok av mot nord.. .visstnok..Skulle liksom vere den som hadde peiling:-)
Der kom vi til eit vatn…
Hm..sa eg…det har eg aldri sett før…
Så opplyste systa om at no var vi på god veg i retning Dalsfjorden…
Der skulle ikkje vi…Var du virkeleg her sist?
Tja…hadde fortsatt ikkje skjønt problemet…
Men skjønnet no til slutt at ho hadde nok rett…
Opp på ei høgd og speide etter sti…
Syns eg huskar ein kvit stein..,sa eg sånn lettare forvirra…
Og der…langt borti på ei myr såg systa ein stein.. .kvit,,,
Med den som utgangspunkt var retningen funnen…
Med tid og stunder og stien
Gjekk ikkje heilt på skinner etterpå heller men….vi fann fram.Utsikta ute på fjellet er fantastisk:-)
Lang og litt vel varm tur…
Men frisk luft og mykje natur
Må sei eg syns det var godt å komme nedsatt i sivilisasjonen..
Fortsatt venner😊
Vaflane til mamma smakte kjempegodt som premie😊
Håper nokon merker den der løypa…
Og det tett…
Har ikkje tenkt å ta den på ei stund og iallefall ikkje som kjentmann:-)
#tur#natur#bilder
Hadde gått opp til et fjell sammen med min mann engang og vi gikk oss bort, mem heldigvis til slutt fant vi en vei til sivilasjon:)
Ligaya: fort gjordt:-)