Med dundrer og brak

No er det ikkje i stillheita dei oppi himmelrommet spyler reint med…høgtrykkspylaren.
Visst det er slikt spetakkel kvar gang det skal sleppast ned litt vatn så skjønner eg det er tørke..

Var ikkje så lenge det gadd.
Sola prøver å trenge gjennom skylaget.
Kunne godt regna litt til når det held på.
Er tørt..
Men virker som dei ovenpå ikkje heilt er i humør😁

Eg burde gjordt ein innsats inne ,men er litt i feriemodus
Trur eg tek ein kosemeginnedag.
Dei er eg god på..

#humor#ironi

Skal sei han Tor var rask

Tordna og lynte som berre det
Regnet det berre hamra ned
Like fort som det starta opp
Vart det borte som det var i galopp

Ikkje vant med sånn sydenregn
Her plar det dundre ned i timesvis i sleng
Sola skein opp
Ser jo skyer og sånn
Men kva gjer jo det når det er opplett i botn

Kunsten å nyte

Kjempegodt.
Ikkje flink å grille og sakner det heller ikkje.
Steike går like fint.
Kjapp,enkel og god sommermat for gamla.
Er i grunnen heilårsmat😀
Overskya ute og har så smått forberedt meg på torden,lyn og store nedbørsmengder.
Er veldig tørt så regn treng vi nok.
Sjølv eg gjerne har godver i ferien.

 

Trimturer er unnagjorde.
Litt kjekt å gå med oslosysta.
Berre som søren at ho og er sprekare enn meg…
Heng no etter som eit slips uansett eg…
Ikkje berre berre…

Burde antagelig gjere litt…
Men først må eg kvile og nyte sofaen…
Kan ikkje slite meg ut

Har jo trimma idag:-)

Solseng og kvepsestikk

Pokkers greie.
Her låg eg på senga og ante fred og fare…
Skulle berre nett slenge beina fram og inn og finne med litt drikke…
Var berre det at der på kanten låg ein kveps og slappa av i solvarmen…
No gjekk han i ett med fargane på pleddet…
Angrep med full overlevingskraft…
Helsikes kor det svei..
Skal ikkje gjengi kva eg sa…
Men fekk på noko eddik…
Svir fortsatt men ikkje så hove
Greit nok at ein vil forsvare seg men hallo.
….

Sola skin fortsatt på den andre sida av fjorden..
Eg surmule…Tatt allergitablett men svien er der…
Bilde frå Bygdeheia.Nett passe fjell for gamla

No koser gamla seg😍

Nydelig sol,litt vind og fin temperatur
Berre å nyte.
Tatt med meg frukost,bok og solkrem og benka meg på altanen
Skikkeleg feriefølelse
Nytast når ein kan.
Klok av skade frå igår vert det iallefall ingen fjelltur før på kvelden.
Og slett ikkje 500 meter i solsteiken😁❤

Ingenting å sei på utsikten

Får no med meg soloppgangen om eg misser den flotte solnedgangen

Ha ein super mandag

Gamla og overmotet

No hadde eg igrunnen planlagt at eg skulle vere flink og gå på Torgeirsletta idag…

Men gamla sov både vel og lenge og ute yra det attpåtil..

Gjekk min vante runde ut og såg på utsikten,men,,fekk litt dårleg samvit

Mulig det ikkje yra lenger inne…så..

gamla fann fram fjellskoa,starta opp Larrisen og la iveg før ho fekk ombestemt seg…
 

 

)

Starta med friskt mot:-)Bra å ikkje vite kva ein går til.

 

Det var her eg lurte på om eg var galen som ikkje hadde tatt på meg shorts…

Trudde eg hadde fått heteslag.

Svetten silte nedover panna,tunga hang som eit slips utav kjeften. Ramsløkslukta formeleg sneik seg inn i hud og hår.

No er det no so,eg kasta tskjorta.Bh får gå,men kunne ikkje godt vase rundt kun i trusa. Ein stad må jo grensa gå for gamle kjerringer på tur…

Ikkje vert å skremme livet av folk og fe.Litt anstendigheit er no på plass endå:-)

Trudde eg skulle kolapsa og må sei eg angra ein smule på ideen.

Visst er her flott natur.Stien er og bra.men bratt,hett og svett.

 

 

Men flott sti det skal dei ha

 

Utsikta på toppen er det ingenting å sei på.Kom litt vind takk og lov

Var så heldig å finne eit markjordbær og ei molte på turen.For ikkje heilt å svelte så spadde eg på med tre små blåbær..

Her tenkte eg at eg kjem jo aldri fram til den der hersens varden:-)

 

Sjå der du…Langt i det fjerne…Eg var både svett og sliten av varme og oppstigning og tenkte noko mindre pent

 

2,6 km????Kjendes ut som eg hadde gått fleire mil…

Men no var eg nesten framme:-)

Tenkjer på at dette var den gamle kyrkjevegen frå Skor som ligg 4 km herifrå.Litt av ein veg.Og eg grem meg,,,,,Fy skam

Den gode følelsen når målet er nådd:-) 523 meter over havet:-)

 

Utsikten er magisk sjølv om fotografen er mindre begava

 

og langt derute ser eg Alden

no veit eg jo at dette ikkje er så volsom stor bragd,men idag for meg var det tungt.

;Men kom meg opp og klapper meg sjølv på skuldra.

Skikkeleg pest slang eg meg ned og inntok nista.

Litt må ein ha for å halde blodsukkeret oppe:-)

Er ein flott tur då,med rett klesdrakt og litt form:-)

Nedatt var fantastisk:-)Litt knesvikt må ein rekne med

 

Var godt å komme nedatt til Larris.

Bortom gravplassen ein tur.

No har eg fått dusja og fått i meg mat til 5.

Viktig å passe på å ikkje misse kilo:-)

Anbefaler turen.Godt eg gjennomførde planen.

Har ein ferie så må ein jo på tur

 

No er det sofa,tv og strikketøy.Nydeleg sommarkveld ute,men mygg:-)

 

#humor #fjelltur#foto

Rørde villbringebær og nystekte vafler.

Plukka litt bringebær idag.åt og…
Var søte og gode.
Ga dei til ho mor…
Prinsen og pappaen har kosa seg på sjøen.Kvalitetstid.
Ingen badetemperatur herute.
Overskya og sola er på ferie.

Rusla meg ein tur på fjellet.
Hærleg
Kom ned att til kjempegode vafler og nyrørt bringebærsylte..
Rett og slett kjempegodt..
Så eg heiv innpå som om eg hadde vore ein månad i villmarka uten mat.

Prinsen og pappaen er reist heim.
Eg har krølla meg godt oppi sofakroken.
Yrer litt ute og myggen har fest.
Då er det godt å kunne nyte livet innandørs.
God lørdagskveld..

Pizza og blåslåtte legger

Pizzatime.
Prinsen ville ha pizza ..
Så besta prøver så godt ho kan..
Det er ikkje stort.
Toro er god å ha som basis.

Utseende er ikkje på topp men smaker godt om eg skal sei det sjølv.
Har ein ustekt, for det er veldig viktig at pappaen får mat når han kjem…
Trur eg hadde valget med å lage to eller ikkje få sjølv😃

No er det berre det at når eg har døra til oppvaskmaskin åpen mens eg rydder,då skjer det seg…
Så med eit hopp med skru og ei litt dårleg landing,så gjekk det bra…
At eg aldri lærer…
Fekk meg eit skikkeleg trykk i leggen så vert nok både blå og grøn…
Sånn går det når ein ikkje tenkjer…og gjer mange ting på ein gang…

Skodda har desverre helde oss med selskap i heile dag.
14 grader
Kose oss innedag

Gamla på sofaen😁

Skodda ligg over fjella og er grått ute.
Gamla og prinsen nyt formiddagen i kvar sin sofakrok.

No er det no for gale og bli her heile dagen…
Rekna med det vert kjedelig for begge.
På TV er noko besta ikkje skjønner kan vere noko å sjå på.
Syns det er kjedelig eg….men prinsen likar det tydelegvis sjølv om nasa for det meste er nedi padden..
Litt godt å berre ta verda med ro.

Er vel det ferien dreier seg om.
Tanke krefter til resten av året.
Ladde batteri.
Er noko vi gjer på forskjellig måte.
Nokon treng fart og spenning.Andre det motsatte.
Gjeld å finne vår eigen modus.

Eg treng ro men og opplevelser.
Gjere litt anna enn det er vanlegvis rekk i ein travel kvardag.
Men kjenner at eg ikkje er ung lenger.
Ting tek lenger tid om eg vil eller ei.

Ha ein fin dag🤩

Nyt øyeblikka

Sommer uten den varmen som er østafor…
Den fremstår litt meir til bading.
Koser oss heime.
Hett inne så prinsen avkjøler seg på altanen

Litt småsurt ute spør du meg, men med pad og pledd ser det ut som han koser seg
Er jo ferie.
Litt kjedelig er det hos besta i lengda…
Men….pappa kjem i morra kveld…

No er ikkje prinsen så veldig gira på det besta måtte foreslå…
På fjelltur har han vore og bade gidd ein ikkje..
Er vel ikkje hett nok..
Mulig han er lik besta…
Lite med ungar uti her desverre…
Men vi koser oss..og kjeder oss😂
Viktig med tid ilag.
Så når ingen vil vere med måtte besta gå åleine mens prinsen vår hos naboen

Vakkert uti havet ikveld

Tok begge dei to små fjella når eg først var i sving.
Har ikkje bevega meg stort dei siste dagane
Gjorde godt…
No har eg krølla meg opp i sofaen.
Nydusja god og mett…
Mat må ein ha😁