Smart eller kanskje litt dumt?

Kva som er bra og ikkje når ryggen knirkar er ikkje godt å vite
Held eg meg i ro,så stivner all musklaturen…
Så tenkte eg at,,,mulig skogsveg var tingen..

Om det var lurt…litt usikker,men var deilig med frisk luft og sol:-)

Angra litt undervegs..Ærlig skal ein jo vere,men med litt pauser og fart som ei skilpadde gjekk det no på fram..
Naturen er så flott fortida.Hadde altså kledt meg i lett synlege fargar,for hjortejakt skal ein ikkje spøkje med…Og ein kan aldri vete.No ser eg meir ut som ei heks enn ein hjort,og heksejakt er vel ikkje direkte in i tida.Verre før

Når eg først var igang så gjekk eg til Varden:-)
Då var eg rett og slett litt pumpa.Og hadde brukt skremmande lang tid.Vel og merke er det ein lang omveg,men alikavel:-)

Bles godt så gjekk ned til Vidsyn,dagsturhytta.

Bles ikkje nett mindre der heller om sant skal seiast.Men litt vit er det no under topploket endå,så vindjakka var med.Og fann meg ein lun krok

Uten stavar hadde det ikkje vore så greit idag.
Og i veska var det saft og Kvikklunch:-)Berre lekkert og godt med ein lang pause

Pausebenkar er ikkje å kimse av:-)
Tok opptil fleire timar .Og når ein må gå litt etter vegen for å komme til bilen så hender det ein ser folk
Hadde meg ein lengre prat med ein eldre herre som var i hagen sin.Gjer seg med hyggelege folk 🙂

Dusjen etterpå var det beste med heilt greia.
Middagen gjekk ned på høgkant.Det er aberet med frisk luft.Får sånn matlyst.
No er det Sommerhytta på tv og eg ligg på sofaen.
Så får natta vise kor lurt det var med fjelltur…

men gjorde no godt for psyken:-)
Må nyte sola når ho ein sjelden gang viser seg

Bob and Brad

Alderen kjem ikkje aleine heiter det
Men veit ikkje heilt om det er den eg skal skulde på
Ryggen har slått seg på tverka.
Skikkeleg kranglete fortida.
Ikkje berre det,men så set det seg jo vidare ned i hofter og lår.Krampe under føtene.Kjennes ut som eg er passert 100.
Vart mykje gremjing altso,men er no ganske normalt.Har det igrunnen ganske ofte,men no vart det litt heftig
Så gamlemor måtte til lege

You Tube:Bob and Brad
Sciaticca/Piriformis syndrom.

Høyres alvorleg ut.
Igrunnen er det øvelser for strekking av setemuskler og under beina
No har eg no gjordt desse øvelsane lenge ,skal eg vere ærlig.Ja altso den milde varianten.Uten You Tube og helt av meg sjølv.Men til og med eg skjønner at massasje hjelp når krampa tek ein:-)
Trur eg held meg til dei enklaste.
Men ryggen veit eg ikkje om syns at dette var det store.
Øvd meg i heile natt på å finne sovestillinga.Må no ha funne den ein gang og vakna av at eg hadde mista den.
Går nok over,må berre gi det litt tid.
Så har smurt meg inn med smertesalve,Var enklast
Drittveret og har ei medvirkning til kranglete kropp,trur eg

Men trur eg må søkje opp ryggøvelser som eg klarer uten å verte gal.:-)Har sikkert liggande plansjer i ei skuff..Men kor?Mageøvelsane idag førte til mykje banning:-)
Her må eg nok ta meg ihop antar eg.Trene litt meir regelmessig

Orker ikkje lang køyring for fysio endå,så får putle på for meg sjølv.
You Tube er tingen:-)Og tipsa er frå legen altso.

Kan jo vere greie innesysler i regn og oppblomstrande Korona.

Ting tek tid ,og går nok over.Treng berre litt tid:-)
Men ekstremt kjedeleg.
Må nok finne meg ei bok å lese i .
Blr fort lange dager.

No nyt eg God morgen Norge sine koselege proglamledere og gode tips.
Promillekøyring på sparkesykkel er lite lurt:-)Livsfarleg spør du meg

Ferdig strikka,men har eindel som må festast ender på.Kanskje det er noko eg kan gjere for å få dagen til å gå.

Ha ein super tirsdag.I vest må ein ha sydvest

Frihelg🤩

Den gode følelen idag då eg etter arbeidslutt kikka på telefonen…
Har laga fårikål..vil du ha😍
Takk til mamma.
Den beste eg har ete på lenge.
Mulig den smakte ekstra godt med kål og poteter frå hagen..Var rett og slett smellgodt.

Made my day.
Kjekt på jobb og då..og frihelg.
Gjekk turen min etter vegen i eit skikkeleg drittver..
Men guri så godt det gjorde..
Gjekk av meg alt som måtte ha surra i topploket.

No har eg funne rette avslappingsstillinga i sofaen og klar til kamp.Norge mot Sverige..

God fredagskveld
Ser forsyne meg litt blå himmel

Ruskever

Har fyrt i ovnen.
Sånn god varme har bredt seg i stova.
Det er haust og skikkeleg ruskever.
Kosemeginnever❤


Regn og høststormer
Pledd,fyr i ovnen og innekos.
Høyrer litt ihop.
Rakk ein liten tur på vegen i formiddag,før regnet fekk overtaket

Litt godt med slike dager og

Luftetur på gamlemor

Hadde meg ein kos luftetur mellom jobbøktene.
Folkestien på Sørbøvåg.

Litt vått var det på stien men var vakkert ved elva.

Var benker rundt omkring.

Akkuratt passe pausetur.
Kjekt med litt frisk luft,og kos med slike stier der ein ikkje må opp på fjellet for å komme ut i naturen.
Liker å gå på merka stiar for fader veit kor eg ellers havner.
Retningssans er eit fremmedord😘

Fyttikatta

No skal eg sei at regngudane vasker både natur og bilar.
Hjelpe meg kor det regnar på morgonkvisten
Sjølv sit eg her under teppet og drikk kaffi
Prøver febrilsk å vakne før jobb

Kvir meg for å springe ned i bilen:-)

Ha ein super lørdag.Med eller uten regnver

Uverskråka

Liker i grunnen litt ruskever eg.
Gå tur med regnklær og kjenne regnet piske mot ansiktet.
Ja sånn skikkeleg kaldt regn kan eg styre meg for.Idag er det i grunnen passe

La meg tidleg i går,så hadde fått unna både butikk og gåtur ganske tidleg.
Mørke kvelder no.Og når vinden rusker i huset så frester senga litt tidlegare enn om sommaren.Er b-menneske så var nesten så eg overraska meg sjølv.Mulig eg går i barndommen og vert Amenneske att.

Litt godt med fridag.Berre rusle rundt i mitt eige tempo uten det minste planer.
Litt lesing,tv og kos.Og det midt på dagen.Aldeles supert.
Er litt lat..eller i grunnen veldig lat.
Ingenting som haster,liksom.
Må nok kanskje finne meg eit prosjekt eg kan styre med heime.
Vurderer å male litt i kjellaren…Men, veit det vert eit litt stort prosjekt,og gruer meg på starten.Er eg først begynnt,så må eg jo gjere meg ferdig…

Blir svett berre med tanken..

Ha ein super torsdag:-)

Kunsten å nyte

Nydelige dagar og frihelg
Gjeld å nyte mens vi kan
Vind i dag, men funne meg ein lun krok.

Gårsdagen var vakker ved sjøen.
Berre surra rundt heile helga uten å fått gjordt nokon ting igrunnen.
Berre vaska litt klær.

Idag klarde eg å overtale meg sjølv til å ta meg ein liten fjelltur.

Gjer jo så godt når ein først kjem i sving
var aleine på fjellet då eg kom opp,men varde ikkje lenge.
Søndag og dagsturhytte får folk ut


Nydelig blåfarge idag.
vart så mett etter middagen at dette var ei super løysing på resten av dagen.
Viktig å tanke krefter og gripe muligheitene og øyeblikkam

Viktig å tanke krefter så eg er klar til ny arbeidsveke.Neste helg er det jobb.
Kristoff sykler som berre ein mester kan ,ser eg.Kjekt han fekk ein etappeseier i går etter alt slitet.
Smitten dukker opp både her og der.Coronaen må vi nok leve med lenge endå.
Om samfunnet vert som før,kan vi jo spørje oss om.
Kanskje det er eit varsku om å skru ned på framskritt og reising.
Kven veit kva morgondagen bringer.
Carpe diem:-)

Ulv og Korona

Ulven er innom og herjer i kommunen vår att.
Luring
Har klart seg unna jegerane over fleire år.
Ikkje trykt verken på fjellet eller på butikken❤Anten lurer ulven eller så koronaen
Hjelp lite med handvask heller der.
Utrykt for dyra der rovdyr ferdast.

Må no vere einsomt å traske rundt åleine.Kanskje han burde flytte heimatt til Sverige.Tviler på han høyrer på kva eg meiner

Regnet skaper flom og stengde vegar rundt om.Naturkreftene er skumle.
Koselig innever.
Har no hatt stripa mi etter vegen.
Koselig det og.
Høststemning og strikketid.
Håp om at eg får ferdig alle uferdige prosjekta mine..
Er eit håp.

Litt spent på om vi får kontroll på koronasmitten rundt om eller det fortsatt aukar.
Trur ikkje ein tek det heilt på alvor alltid.
Alle kan vere uheldige.
Blir tøfft for mange om vi må stenge ned att deler av samfunnet
Krysser fingra.

Vi får vere flinke med avstand og handvask

Trur ikkje eg gidd nokon kveldstur.
Teppe og sofatid frester meir.


Sjølvplukka gjer susen.
Ha ein fin kveld

Korona og kjendis på køyret

Idag har eg ikkje gjordt ein skit
Kva eg igrunnen har gjordt på heile dagen er uvisst,men den er plutseleg over.
Så her ligg eg på sofaen og høyrer på vind og regn som rusker i huset.
Litt småkvalm etter å grytt i meg formykje middag og chips..

Vore hos Frisørstova og fått farga denne etterveksten…jada burde vel latt det grå overta…men har ikkje lyst…

Koronasmitta er kommen til kommunen.
Måtte vel det og eingang.
Så direkte overaskande er det ikkje.
Men vi har liksom vore i vår eiga trygge boble.
Litt sånn slappe med avstand og handvask..
Men det er fortsatt av høgste viktigheit.
Dritlei av å lese om idrettsutøver som har misbrukt div.
Håper han kjem seg ut av uføret,men burde vel kanskje tatt til vit før han blei tatt..

Kjøpte roser til meg sjølv idag.
Ærleg fortjent tenkte eg❤


Ikkje så stor bukett,men er jo grenser for kor høgt eg set meg sjølv.
Det eg planla å gjere idag får eg ta imorra.
Innever då og..
Og her trengst litt opprydding.
Litt kos med innever og

God helg