Skjønner lite

Kan vere at nokon meiner eg spammer sidan eg er blokka for deling på facebook.
Kan kanskje vere i overkant masete med desse innlegga mine.
Skjønner igrunnen ikkje så mykje av det.
Innhaldet er no ikkje direkte ufint:)
Men lite eg kan gjere med det.
Ikkje gjordt så mykje idag heller.
Har jo ferie.
Prøvd å få rydda litt i papir.
Noko på makulerast eller brennast.
Vart det siste.
Kaldt og surt ute,så passer med litt varme.
Ikkje får eg sove heller.
Snart slutt på ferien.
Fyk liksom avgårde og eg kunne tenkt med ein mnd til❤

Kondisjon er eit fremmedord

Kjære vene for ei pusting og pesing.
Bruker like lang tid på 200 meter som andre på 1000.
Men opp kom eg.
Står ikkje på det.

Litt småsurt og ganske våt sti,men passa meg ypperleg.

Passe langt,passe høgt og nydelig utsikt.

Såg sola,men ho skin berre på dei rettferdige…og der kom ikkje eg innunder.

Rekreasjon for kropp og sjel.
No har eg fått fyr i ovnen,krope godt opp i sofaen og nyt ferien.
Ikkje mykje att av den,så må nytast

God lørdagskveld

På jakt etter anene

Dagstur med veslesysta som sjåfør .

Køyrde frå Oppedal via Brekke og over Ynnesdalen.
Der kom bestefar eller morfaren frå.
Har ikkje kjørt den vegen på over 20år.

Trur dei som bur der no lurte felt på den skrulla som tok bilde.

Fekk no noko å snakke om.

Kryssa grensa til Masfjorden.
Ikkje langt unna kom bestemor frå.
Gjekk ikkje so langt.

Var der eingang eg var liten.Hukser besøket men ikkje at det var så bratt..
Vidare bar det..
Godt med stødig sjåfør og tante som guide.

La turen innom Frøyset gardsmat.
Men bonden var opptatt med kalvar og ho mor på tur.

Men vi har no vore der og utsikta var super.

Kjekt med nye plasser.
Ein tur innom gravplassen

Foreldra til bestemor.

No sette vi kursen til Alvhild.
Der fekk vi full oppdekking.
den utsikta.
Vakkert.

Flotte damer og takk for kaffi ,kaker og nydelige skillingsboller.
Ikkje vore der før.
Vakkert.

Kafebesøk på Hosteland før vi snudde nasa heimover.

No var det ikkje så mange slektningar som var heime.
Kanskje dei berre var glad til.
Ferieturar treng ikkje vere så lange.
Korte turar med folk eg er glad i gjer godt.
Mange plassar eg ikkje har vore.
Og med sjåfør er det jo berre lekkert.
Takk for ein super dag❤❤❤

Sofadag

Er rett og slett berre trøtt og slapp.
Orker liksom ingenting
Hadde vore flott ver å gått fjelltur i.
Og rydda busker og kratt som veks uti vegen..
Men orker ikkje …
So eg har sove og slappa av.
Må vere lov det og iblandt.
Trur nok allergimedisinen har litt skulda,men sånn er det no.
Har no ferie.
Meldt regn så kan sove i fleire dagar❤

Går seg nok til.
Kroppen treng berre litt kvile.

Er igrunnen makelig anlagt og bør nok ta meg sjølv i nakken

Nei no altso

Når det er 4 grader og sludd over Langeland i juli ,då syns eg det er litt på grensa.
Steike fint inne og kose meg i ferien ver og litt av ein overgang.
Men,veret styrer vi ikkje.
Var som snarast innom Førde og sykehuset.
Fått injeksjon på auge og handla det eg mangla til tacomiddag.
Fekk med liste av prinsen.
Han har kontroll.
Besta er ikkje glad i taco.
I det heile er eg sær i matvegen.

Men vi har ete rester av gårsdagens fiskemiddag til lunch.
Trur vi var like svoltne begge to💞


Ser på feriebilder og tenkjer at..
Kjem nok godver att eingang

Men eg har regnkler og er vanntett…so nokonlunde

Naturen er no her så er berre å snakke litt tøft til meg sjølv og gå tur

Men ikkje idag.
No er det..Gamla tek verda med ro dagen…
Den er ganske ofte.
God fredag😍

No skal gamla heim


Har igrunnen gått greit med å halde avstand..
Men på flyet derimot er det både tett og svett..
Så munnbindet er alt komme på plass.
Men er ei stund til flyet går.

Utkasta😎
Ikkje akkuratt,men flyttehjelp.
Kan no passe bagasje i det minste.
Litt kan ein bruke meg til.

Men for sikkerheitskuld fekk eg idag følge på toget og hjelp til innsjekk .
Ikkje så enkelt for ei forvirra veggelus.

Har kjempegod tid og godt er det.
Fann faktisk gaten heilt aleine
Trur eg er på rett plass.
Fuglane veit

Regner i øst og🙄

Skifta stove for nokre dagar.
Litt uheldig med veret i hovudstaden,men ikkje så farleg.
Kjekt å få låne leiligheita til systa.
Kan bli sprek av heile greia.
5.etasje uten heis..Imponert eg.
Pæser som ein kval ette 3.
Men rett triveleg når eg når målet.
Og syns det er koselig inne❤
Koser meg aleine og med oslofrøkena.

Litt klarer eg no å rusle rundt på eigenhand..sjå på folk og duer🥀

Men syns og det er heilt greit å tilbringe tid på sofaen.
Berre slappe av.

Gått litt mindre tur denne gangen.
Retningsvill så har ikkje heilt kontrollen.
Men så lenge eg held meg i nærområdet går det bra

Uansett.
Gjer seg med litt forandring.

syns Oslo er ein fin by.

Vore på Storo eintur.
Greit med kjøpesenter og av og til.Men går fort litt peng på dill og dall.Er jo ferie

Kvalitetstid er ikkje å kimse av.

Sånn turistferie tek eg ein annan gang
Alt til si tid
Snart heimatt..

Det gode med ferie er å roe ned og tanke krefter.
God sommer😘

Tanke nye krefter


Godt å kunne sose rundt uten bestemte mål.
Ingen ting ein må.
Sove lenge,våkne til sol og fuglesang.
Kosa meg med oslofrøkena som er heimom eintur

Men bakdelen med at vi ikkje har hatt regn…
Eg må vatne.
Har jo sett poteter ,gulrøtter og jordbær i kassar…
Gulrøttene har eg ikkje sett snurten til…
Men får jo kjøpt på butikken.
Var slike band…
Ifjor sådde eg berre frø..det funka.
Har orange fingrar og ikkje grønne😎

Nordavind idag…men varmen kjem
Eg surra meg opp på fjellet..
På toppen var kaldt altso.

Men gjorde godt for sjelefreden.

No er det sofa,chips og strikking.

Trist med all rasismen rundt oss.
Viktig at vi alle går i oss sjølv og tenkjer over våre eigne haldninga.

Viktig å ta vare på dei små øyeblikka

Livet er så sårt❤❤

Tungt og svett,kanskje mangel på vett

Trur denne hukommelsen min har det med å blokkere enkelte negative opplevelser og dra fram dei positive.

Var det verkeleg så mange høgdemeter til Torgeirsletta?
Kva var det eg sa til med sjølv sist eg gjekk denne turen i solsteiken.
Turen er fin den…med kondis
Uten er den ganske så slitsom…
Eg berre nevner det.

Men når ein først kjem opp er det berre velstand…nesten.



Mykje folk på tur.
Fleire kom frå ein annan kant.
Nokon jogga opp og ned og oppatt.
Får mykje med seg når ein går slik og hiv etter pusten.
Appelsina på toppen var himmelsk og alt slitet vart gløymt.
Er igrunnen ein tur ein bør gå.

Her må kondisen opp litt kjenner eg.

Er nok fleire som er utslitt.
Denne har hatt pause nokre dagar.
Fins ikkje redd.

Flott på den andre sida av Sognefjorden og.
Ytre Oppedal på sitt beste.

Eivindvik
Godt å lade batteria i nydelig ver.
Mulig dette var sommaren.
Kven veit.
Nyt kvart minutt.
No er eg mest stiv og støl…
Så veit ikkje om eg skal kalle det ein nytelse

Men får nok sove godt

Sliten.no

Er ikkje nokon ungdom lenger kjenner eg.
Men,lang arbeidsveke er til ende og imorra har eg fri.

Burde nok tatt meg ein fjelltur etter jobb….orka ikkje.
Tok meg ei stripe etter vegen og har vore innom naboene og forstyrra dei i søndagsfreden.

Ligg rett ut på sofaen og tenkjer at….litt tidleg å sove..
Kjenner at alderen tek på.
Eller er det at eg berre er litt utrena.
Har ilt overalt liksom..
Men går seg nok til.
Sofaen er god idag.
Håper på sol og sommar snart.

Rekreasjonstid

Viktig å lytte til kva kroppen treng.
Lade batteria litt ,så ser verden lysare ut.
Ser på hageprogram
Utruleg kva ein kan få til
Reknar med det har sin pris.
Får no styre på med hagejevel,mose og litt poteter i kasser.
Ser ut til at det er no eitpar som kjem opp om ikkje meir.
Gullrøtter som spirer ser eg fortsatt lite til.
Lever i håpet.
Ha ein fin søndagskveld