Bloggverden og verden utafor

Tidleg vaken og nyt kaffikoppen mens eg vakner.Ute er det flott vårsol.
Her inne hos meg er det blogglesing og innom diverse blogger.
Les forskjellige eg.Er imponert over skriveferdigheitene,og alle dei flotte bilda.
Mange er selvfølgeleg proppfulle av reklame.Lever jo av blogg,mens andre mest handler om dei andre som blogger.
Min handler om ingenting,somregel
Ikkje er eg flink og skrive,og skjønner igrunnen heller ikkje konseptet.Men skriv gjer eg uansett eg.
Sikkert mange som syns eg er heilt ute å køyre.
Men er det så farleg igrunnen?Det kjekke med livet og samfunnet her og ute i den vanlege verden,er jo at vi er ulike
Mangfoldet.Ingen er sterkare enn det svakaste ledd.
Så tar eg meg ein tur innom nettavisene,og høyrer på nyheiter.

No er det tid for lønnsoppgjer.Måtehold er visst tingen.Tjener ikkje all verden eg,men klarer meg.Andre bruker summen eg tjener i året berre på ein aldri så liten ferietur:-)

Men aldri vore misunneleg på andre sin økonomi.Men veit kva det vil sei og ha forlite.Alle burde hatt til mat og tak over hovudet.Ingen burde gå svolen til sengs.
Er heldig som bur her eg bur,der husleigene er til å leve med.
Fattigdom fins det overalt.

Koronalivet tek på mange.Oslo har vore nedstengt i månadsvis.Imponert over dei.Munnbindbruken er der noko som er ein normal ting,og no ser det ut til at dei endeleg får åpne opp litt.
Trur faktisk at vi som lever nesten som før,ikkje heilt forstår kor innskrenka dei har hatt det

Jada.Er selvfølgeleg annarleis her og.Og heimekontor og studie slit.
Inga normal studietid gjer livet vanskeleg.
Klart dei psykiske problema vert store.
Vi kan ikkje besøkje kvarandre som før.
eg et…og et…
Nokre vert hagemenneske og opptatt av naturen.Andre vert sittande inne og ete og sture.
Dei som ikkje klarer å bevege seg rundt vert sittande mykje for seg sjølv.Kva gjer ein når ein bur ein plass der ein ikkje kjenner ei sjel?.Ingen plasser der ein kan verte kjend.Nettet er der ein treffer andre,,om ikkje fysisk

Håper snart at ting vert meir normale.
At det vert sånn som før,det trur eg ikkje faktisk.Men vi kan jo håpe..
Men ser at tala flater ut og ikkje går ned.
I India er det heilt skrekkelig…
Nesten så ein ikkje klarer å forhalde seg til det.

Snart klar for ein ny dag her i vest.
Møte og så seinvakt..Men først skal eg vakne.Ta meg ein tur ut i frisk luft..
Men ikkje endå.

Når skal ein sette poteter

Kjøpte meg litt settepoteter.
Beste..var dyrt.
Når eg ser i kassen så er dei prikk lik dei eg kjøper i poser på butikken..
Er det forskjel?
Sikkert berre prisen.
Men fortsatt kaldt ute.
Må kjøpe meir mold i kassen min.
Sikkert litt kukompost og.
Er ikkje noko hagemenneske,men glad i poteter og gulrøtter..
Litt kos med eigne poteter om høsten.
Kjem nok i jorda eingang..
Burde rydda litt i hagen,men har ikkje lyst rett og slett..
Kanskje i morra..
Tvilsomt…
Men når eg no er dritlei turer i skog og mark,så muligens..
Seinvakt heldigvis.
Tidleg opp og lite søvn gjev sliten bestemor..
Trur eg held på å bli varulv..månen held meg lys våken.
Liker ikkje kvitløk heller..


Debatten og sofakroken er tingen

Tusseladden skal heretter få vere i fred for meg


Jaja…ein gang må vere den første..
Ut på tur med mål Håbågen..
Rart med det…må finne ut korleis den turen er..

Starten er lik..
Skogstur kan vere fint.

Delmål Brurabenken.
Merker at telen er på veg vekk,for sjølv etter mange flotte dager er stien våtare..

Her tok eg eit anna vegvalg enn sist eg var her..

Skogsveg heilt til mål.

Og eg gjekk og eg gjekk…

Må absolutt vere her tusseladden høyre til..

Her tek han morgenbadet..

Hufsa på tur..
Kilometervis i skogen vert formykje sjølv for meg..

Endeleg nede..og helt ærlig…var sikkert ikkje her dei kom ned i gamle dager..
Og ein anna ting..lenger herifrå og i skifjorden enn det var frå den andre sida..
Fleire hundre meter liksom..

Må innrømme…turen til Brends skal eg ta fleire ganger sjølv om eg sleit med vegen på slutten..
Denne her…tja..
Flott å gå men akk så kjedelig…
Hadde tenkt å gå same vegen heim,men glad eg hadde ein snill son som henta meg ..

Lurer på kven dei jakter på herifrå..
Fiender på fjorden?
Eller kanskje gamle damer på tur..
Flott i Håvågen.

Trur eg må halde meg til åpne landskap ei stund..

Hekling som hobby

Er ikkje den store heklaren,men litt kapper og gardiner og ein løpar i ny og ne.

Tråden har vorte tjukkare med åra.

Sjølvlærd.
Alle var liksom flinke å strikke så noko måtte eg finne på.


Men alt skjer i perioder med meg..
Går lei både vel og lenge..
Plutseleg kjem heklelysta eller for den del..leselysta att..
I perioder gidd eg ingenting..

Nyt dei lyse flotte kveldane no..
Fantastisk..
Morningane likedann.
Is på bilruta idagtidleg..så kan godt bli litt varmare..

Snart mai…

Oppover er overdreve:-)

No er eg altså veldig glad i å gå i skog og mark…Bortover…
Er berre det at når ein då skal gå oppover at det skjer eit eller anna.
Beina vil liksom ikkje.Kor er den kondisen ein trur ein har?Totalt borte vekk…Bortoverkondis:-)

Kvifor er det mykje tyngre å gå etter skogen vart vekke,enn før?.Føles så mykje lenger opp.
Er vel noko med at den ein ikkje ser har ein ikkje vondt av…
Men det hadde eg.Fader for eit slit…uff
Og er ikkje så langt..
Plutseleg to flotte trappetrinn.Gjeld å finn dei små lyspunkta:-)

Er ei stund sidan gamla har vore her,ser eg.Kommen ny gard og grind:-)Var igrunnen nødvndig,men alikavel:-)flott jobb og held nok sauene innafor

Endeleg målet i sikte.Kald nordavind idag og ikkje sånn kosetur.

Alden..Den Norske hest:-)

Vidsyn.Dagsturhytta i Fjaler.Var open og idag,men treng litt omsorg

Koselege turvandrarar traff eg og på.
Liker helst bortover eg,så tok den lengste vegen nedatt frå toppen.
Litt for vått ,men flott:-)

rekreasjon for kropp og sjel

Men altså…Kjempeflott i sofaen med ein kopp kaffi,litt sjokolade og ei god bok og.
Ser Camp Culinares på tv og nyt livet.
Slutt på tur i skog og mark på blå resept.
Tilbake til den normale kvardagen.
Reknar med at då kjem varmen og..Håper på det,så musklane kan slappe av litt:-)
Ha ein fin søndagskveld

Stolpejakt og folkehelse

Stolpejakt er vorten veldig populert i bygd og by.
Absolutt noko vi burde tenkt på i kommunen vår.
Kvar bygd si løype..
Kva det er..


Her i bygda har vi mange flotte turløyper..
Nokon merka og andre ikkje..
Hadde vore knas å fått ei slik løype her ..
Kosta sikkert litt,men mulig vi kan få støtte..
Ikkje sånn løype der du må vere fjellklatrar for å gå..
Men litt for å verte kjend i skog og mark..
Kvar bygd si løype..
Ut på tur,aldri sur..
For etter det eg ser på søstrene mine så er det omtrent som pokemonjakt..
Ein berre må…
Hadde vore noko det..
Fått helgeturister på stolpejakt..
Så kunne vi vist dei alt vi har å by på..
Berre i Skifjorden er det jo bryggeri,hagebutikk,gard med dyr å kose med,kanoer i vatna og overnattingsplassar..
Alt vi har..

Var litt av alt eg tenkte på mens eg vandra rundt i skogen
Traff til og med andre vandrarar idag..

Tenkte så sterkt at eg til og med gjekk feil..


Her er alt håp ute


Kaldt på toppen men Vardeheia leverer som alltid..
Men meiner bestemt..
Stolpejakt er tingen.
Og viss grunneigarane er redd for trakk i hjortejakta..
Ja då får ein avslutte stolpejakta før dei starter med si jakt..Så kan dei rusle rund etter stolpar ellers i året så dei har forma inne
Samarbeid er tingen..
God lørdagskveld.

Fiskelukt og tusseladdjakt

Har altså fått vaska skuffer idag..
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko..
For der var det nemlig fiskekraft..
Og sidan eg ikkje har planer om å koke fiskesuppe der..så var det berre å vaske…

Men så var det den der tusseladden..Kor er han?
Så ut på tur..


Flott busskur
Grendalaget har lagt ut kanoer..Alle kan låne
Eg torer ikkje..Men for dei som vil,eit flott tilbud..

Ser ikkje anna enn skog.

Trur eg snur her med kommunegrensa..

Den var flott..
Litt på umerka stier,men litt tøff er eg jo..

Her trur eg russeladden nok har vore..

Er denne trygg då skal tru…Eg er skeptisk.

Gjekk her eg..
Bassenget til tusseladden,sikkert.
Men ser ingen
Noas ark..
Gjeld å vere klar.


Litt godt å komme ut or skogen..


Vakkert og flott arbeid..


Rekreasjon for kropp og sjel..Nydelig tur
No er det sofa og avslapping..
God fredagskveld

No er eg lei

Rygg meg herogder..
Rare greier..
Starta opp med ilt i korsryggen og no er eg søren ta meg stiv som ein pinne.
Lediggang er rota til alt vondt,seiest det..
Har tilbøyeligheit til å vere einig..
Men ser det har hagla,så gamla skulder på kulden.
Sjølv om det er skya så skin sola.

Lukter fortsatt fisk over heile huset etter at fisken nok fekk vel sterk temperatur igår,og eg slappa av…
Det vart det slutt på..
Hadde hatt mykje vatn i panna…
Salta brosme lukter..
Og eg har vaska ..å vaska..
Jaja..Går på tabbekvoten..
Trur eg får ta meg ein tur å leite etter tusseladden for å mjuke opp både kroppen og sjela…

Ha ein super dag

På jakt etter tusseladden😁


Ikkje nokon tusseladd i sikte

Kjekt å utforske nærområdet

Fann ei heks.

Om ikkje her er tusser å sjå så finn eg skogens ro

Utforske nabogarden i vest
den vakraste blomsten


Tek gamlevegen heim.
Der vi gjekk før vegen kom

Ut på tur..aldri sur..
Iallefall senker eg skuldrane

Koselig sti.

Utruleg kor godt det gjer med ein time ute i skog og mark.
Ikkje direkte vårtemperatur i vest,men fint turver..
No kan eg flate ut i sofaen og få med meg dagens nyheiter

Forandring fryder:-)

Litt lei av å vere berre kjeftsmelle,for eg er jo ikkje det.Berre litt sånn av og til
Vel tyt og maser eg ,kjefter gjer eg og,men høyres litt volsomt ut igrunnen
No bør eg kanskje slutte å kjefte og begynne å smile:-)
Mase vil eg nok heile livet,er eg redd,om eg ikkje misser stemma

Vore hos fysio idag.Trivelig igrunnen.
Fekk bekrefta at smertene nok er musklatur i ulage og fekk masasje.Sånn vondt og godt på same tid.
Men gjer nok godt i lengden.
Så her er det berre å fortsette som før.Rusle rundt i skog og mark,og så går eg etter vegen…
Alt etter humøret og tida
Bør nok starte å trene,,,men ikkje idag…
Kaldt og surt,men det er i det minste lyst lenge.
Her får ein gripe fatt i det som er positivt…
Ein vert visst det ein tenkjer..
Så no skal eg verte grei og mindre kjeftete….Vil ikkje slutte å mase,for det greier eg ikkje alikavel.
Det ville vere å lyge…og det er som kjendt slett ikkje pent.

Er så mykje eg sikkert burde forandra på…men…
Eg er den eg er….prøver så godt eg kan….

Litt feil og mangler skal ein jo ha…

Denne er søt

Snart leggetid for meg:-)Sov godt