Love it


Heldige meg.
Fantastisk morgon med stillheit,kaffikoppen og fuglekvitter.

Ikkje feil å nyte kaffikoppen kl 08 i varmt og flott ver,sånn nesten uten klær.
Las at hoggormsesongen er igang..
Takk det veit eg,men treng vi den typen sesongar..
Den er freda og her kryr det av den.
Kan klare meg uten.
Gjer nok nytte sikkert og har nok livets rett som alle levande vesen..
Men eg har eit heller anstrengt forhold til den.

Viktig å smørre inni og utapå.
Nyt dagen ❤

Lyst ved midnatt


Du skal ikkje sove bort sumarnatta.

Må berre nytast.
Vest er best i test.
Fantastisk med desse nydelige solfylte og varme sommardagane.
Mulig dette er sommaren iår så viktig å ikkje sove den vekk tenkjer eg.
Stille ute og kjenner knotten er der.
Den venter berre på litt regn,så vert den i storform

Får energi av dette flotte veret..
I morra er det ut på tur er planen…

Leve heile livet

Oppdaga det nydelige sommerveret skikkeleg sånn 15.30..
Sånn er det når ein er på digital konferanse..

Det å tilrettelegge slik at kommunane vert ein god plass å bu frå krybbe til død.
Vi vert stadig fleire eldre og ferre yngre.
Demenstala aukar i takt med økt levetid.
..
Korleis skape eit trygt og godt samfunn..
Utfordringar som må løysast.
Så møte før eg slapp ut i godveret..


Var godt med ein luftetur sånn etterkvart.
Senke skuldrane litt og la humla suse..
Viktig å halde seg litt i form..
Ikkje sikkert det står klar nokon å hjelpe meg..
Kjem nok til å verte eit troll..
Har det i meg

Nesten litt småskummelt


I dag har skodda eller tåka ikkje sleppt taket..
Måtte nesten gi seg over til fru Sol,men samla styrkane og kom att endå tettare..
Nesten spøkelsesaktig..

Ein krimroman no og tankane får fritt spelerom.
Det er då eg heller vel noko anna

Håper den lar oss få fred imorra,skjønnt er tvilsomt

Berre lekkert

Har hatt ein søndag som passa gamlemor sitt tempo..
Seint oppe og kosa meg lenge og vel med kaffi og frukost.
Ute var ganske så kald skoddevind.
Tek litt stasen av det flotte veret igrunnen.

Kom no på at blomstene treng vatn..
Det er eg litt fæl og gløyme.

Hatt koselig dag med nokre av mine.
Mamma laga middag.
Berre velstand.
Avslutta utetida med yndlingsturen min til Bygdeheia og Vidsyn.
Kjekt med selskap.

Kjekt å dele opplevelser og takknemlig for at dei gidd drakse på meg..Det tek tid.
Men eg går sjølv.

Nydelig kveldstur.

Dusjen etterpå var av nødvendigheit.
Treng ikkje alltid vere dei lange og høge fjellturane..Er ikkje den sprekaste,men er som eg er..

Blogglesing ,skoddevind og kaffikoppen

Vart litt tankefull etter å ha lese Hegeslillerom.
Trist at vi ikkje er komne lenger enn at vi resgerer på legning og par av samme kjønn.
Kven er vi som fordømmer andre..

Kjerringtanker skriv om fleire blogger og koser meg med bloggen til mettejonsdatter.
Monairens gir meg lyst på rabarbrasuppe..og har ikkje rabarbra..

Les mange blogger og litt ulike kvar gang.
Ryggen er litt kranglete idag og den sure skoddevinden ødelegg for sola på eit vis..

Yes❤

Ingen fjelltur på gamlemor.
Men eg har fått slått plenen..
Ja å kalle det plen er vel litt overdreve,men mose med litt gras hist og her..
Litt sånn oppdelt.
Men det tok si tid og fekk vekk litt ugras og..
Hagejevelen har eg gitt opp..
Skvalderkol..det er rikeleg av den og løvetann hos meg..
Kanskje eg bør bruke det i mat..
Frester ikkje. igrunnen.
Sein middag og fekk vafler til kveldsmat hos mamsen..stappmett
Koselig med sosialt samver .Desse pinseliljene dufter nydelig.


Har trekt inn for litt kald skoddevind ute..

Litt godt med ein sose rundt dag ute

Lese litt og slappa av mens eg formelig kjende fregnene spratt ut som paddehatter..

Mulig eg går på fjellet imorra..
Litt greit å berre ta det som det kjem..

Fuglekvitter og kaffikos

Nydelig ute,så har starva meg ut på balkongen..
Stiv og støl som vanleg på morgonen.
Går seg til

Berre naturen sine lyder.
Humlesus og fugler..
Vil nok endre seg om litt.

Trur eg idag skal gjere ingenting.
Kanskje slå plenen og vatne litt blomster..
Har ikkje mange.Må ha litt fleire..

Nyt dagen,for det skal eg
Huks du er unik

Sol og sur,kald skoddevind

Den følelsen når eg har fri,ser ut på ei nydelig sol og skyfri himmel

Yes..på med sommertøyet og ut..
Det er då ein syns det er noko skit å bu ved kysten.
Sur kald skoddevind som ikkje akkuratt innbyr til soling..
Ikkje har eg eit stille hjørne heller..
Rusla litt rundt.
vakkeet med strandnellik

Kan jo gjere litt i hagen,men har ikkje lyst.
Rett og slett lat og trøtt etter natt..
Dufter godt av pinseliljer og syren..
Litt har eg i hagen..overlever tross manglande stell..

Trur eg klær meg i vindtett og rusler ein tur..
God fredag frå forblåste kysten