Gamla og strikketøyet

Aldri vore nokon strikkar  av rang
Sånn vanlege sokkar går som ein leik..
Og tepper som kun er rett.
No har eg ikkje kunna gjort så mykje av verken ett eller hitt dei siste månene.. .
Men no er eg starta med ein ny hobby…
Skjørt…
No vart det første verken pent eller noko å skryte av…Men tråden var dyr og hadde mønster…
Men passa❤og hett var det og.
Og sånn i ekstase av arbeidslyst kjøpte eg meg billig tråd på Europris og starta med å eksperimentere i mønster eg fann oppi øverste topploket

Litt usikker på korleis det kjem til å verte…
Men duger ikkje uprøvd😊og tråden var billig..
Vært lei heklegardina…

Graut og solnedgang

Har brælt meg til graut.🌷
Glad i det eg..
Men dår liksom ikkje rette smaken sjølv.

Var utruleg å vandre mot dette synet ikveld.
Kaldt.vakkert og magisk❤

Eldstemann kom med plater til vegger og golv…men først må eletrikaren ha tid

Gamla nyt veret

Vakkert ute men kaldt.
Stakkars Larris er litt feilparkert.
Fekk ikkje sol og totalt nedfrosen

Vakkert sjølv om isen ligg på fjorden♥

Skal vere slik heile helga..
Berre å kle seg godt å nyte

Nyt veret og ta vare på deg sjølv…litt på andre ved behov😊
God helg frå gamla😊

Å vere

Av og til er det nok å berre vere
Nyte stillheita og naturen og kjenne kreftene komme litt etter litt.

Siste dag i januar.
Har 10 års jubileum som bestemor.❤
Eg er heldig

Malingslukt og kaos

Søndag.

Ute i huset mitt og ser på tingenes tilstand.
Mangler fortsatt litt maling i taket, og ser det er nokre bulker her og der.
Litt lite arbeidslys..
Men ferdig med det meste av malinga…

No er det elektriske.ting som må på plass, og gutta boys må få material i hus.. .

Håper på at det vert ferdig til påske..
Irriterer meg over høgre armen, og at eg ikkje får hjelpe til med nokon verdige ting…
Klarer ikkje ein gang rydde vekk platene….

Frustrerende..
Liker å jobbe med slike ting eg..
Jaja..sånn er det no..
Reknar med at dei vert passe lei både mora og oppussing…
Kan no vere greit at eg ikkje gjer det kvart år….

Den yngste av hjelparar.Matpausen tek vi hos oldemora:-)
Snart 10 og neste helg er det bursdagsfeiring i fokus❤

Kjenner malingslukt gjev meg hovudverk så får nok søkje om midlertidig oppholdstillatelse hos naboen.

Skal ha nytt golv og😂
Maleren har reist heim.

Men ting tek tid,og når dei er så snille og hjelper meg ,så er eg sjeleglad.Er ikkje tid for hjem:-)Men nesten,for eg veit ikkje heilt korleis det kjem til å bli:-)

Riving og maling😂

Gamla har trekt seg tilbake og til naboen….men må sjekke tingenes tilstand.

Er ikkje plass til meg og eg er berre i vegen.
Snart ikkje vegger att

Alle gutane i sving.
Besta må få nytt kjøkken..
Og litt til når ein først er igang.

Har gitt dei fritt spelerom og spent på resultatet….

Fått fritt spelerom og ikkje budsjett ifølge mellomste😉
Med glimt i auget….
Men dyrt å pusse opp.
Må ha nytt sikringsskap.
Her går det fortsatt i gammeldagse skrusikringar…
Men må til…
Ute bles det til tusan
Mamma lager lapper.
Vert bortskjemt hos naboen😚.. .

Livet med oppussing😊

I kveld kom eldstemann. Med flytteøsjer og malekoster..
Skal male kjøkkentak.

Barnebarnet lurte på om besta skulle flytte.
Går ikkje an å sove hos deg besta meir…sa han, og såg på alle øskjene som er stabla på soverommet der han brukar sove…
Måtte no sei at det ordna seg nok til slutt…
Har sleppt sønnene laus og gitt dei fritt spelerom…
Så her ryk den eine veggen etter den andre…
Mitt oppi rotet sit eg og gomler knekkebrød..
Akkurat no er det ein fordel at eg ikkje har støv på hjernen❤

Trur eg bør ha ein skikkeleg opprydding i saker og ting.
Er nesten utruleg kva eg får plass til i skuffer og skap…
Og eg har pakka vekk ting før🦊

Så imorra skal det rivast og malas
Eg får flytte til naboen så eg ikkje går i vegen eller seier dumme ting😉

Ute har vinteren igjen gjort sitt inntog…glatt og fælt..
God helg😊..

Kor henn med ting?

Ikkje så enkelt å pusse opp..
Dvs.det gjer jo andre..
Men kor henne med ting..
Er stabla fullt overalt hos meg…

Må jo rydde stova visst vi skal legge nytt golv….
Jau…
Er jo her eg har alt eg treng og meir til…

Dette er minste problemet.. .
Må nok ta halvparten om gangen..
Har store tunge møbler i lita stove..
Veldig upraktisk når det skal flytta på..
Ikkje at eg klarer det..
Men må ha ein plan..
Så no sit eg rett opp og ned og planlegg…

Må nok kanskje rømme til naboen ein periode…
Rett og slett ikkje plass til meg❤
Men går no endå..
Kanskje det er ein fin anledning til å få orden i kaoset…

Mykje styr

Mykje ver ute.
Litt spent på om det gamle rasket vi har kasta ut ligg i ro i stormen..

Ja skal jo vekk Men må ha hengar og litt bedre ver
Eg klarer ikkje å flytte på det..for vinden er det nok ikkje eit problem..

No må eg rydde ut av veggseksjonen i stova og…..Ikkje fred å få:-)
Men altså…har ingenting å pakke det i og veit ikkje heilt korleis eg skal løyse problemet.
Får ta det fredag….fullt overalt liksom…
Men pusser ein opp så gjer ein det…

Vert nok ei råd…
Fått middag hos mamsen❤
Ikkje gjort ein skit…
Burde tenkt på det med veggseksjonen …
Dvs….eg tenkte på det så vidt, men gadd ikkje.
Armen krangler litt fortida..
Ser jr har ein plan, og til helga kjem broren…
Så innen den tid må eg ha rydda  
Tek det fredag føremiddag..
Så kan dei flytte kassane😂
Har ikkje att nokon på hjul

Vore meg ein tur til sjøen i vinden. ..

Godt å komme ut av støvet…
Blir nok bra til slutt men tek si tid😊

Fått fyr i lysa…ute er det eit ulande liv

Veggen er vekk..

Kom heim frå seinvakt og syns det var litt åpent på eit vis.

Veggen frå stova til kjøkkenet er borte vekk…
Trur det vert flott til slutt.
Heier på jr❤
Var ein høg smell på kjøkkenet Istad.. .
Mulig det var ei mus som kom frå oven…ikkje veit eg kva som går for seg …
Så lenge eg ikkje ser nokon går det greit…
Ein smule støvete her i stova for å sei det forsiktig  ..

Men slik er det når ein bur på ein byggeplass❤
.
Litt spent på fortsettelsen