Trøtt i trynet

Dette er ein sånn dag eg har lyst til å bli liggjande i senga med dyna over hovudet.

Er berre det at då stivner eg heilt til.
Liksom ikkje så mjuk å smidig lenger…
Litt surt,men sånn er det.
Har kravla meg inn i sofaen og får med meg nyheitene..
Corona og Brann.
Hatefulle ytringer på Facebook.
Og andre mediaplattformer.
Utruleg kva ein kan skrive på nett.
Der har vi alle eit ansvar.
Korleis ein vert kvitt det…
Ikkje enkelt.

Trur dette skal verte hovudbeskjeftelsen idag.
Fri💞og surt ute..
Bør nok vere litt husmor ser eg…
Men ikkje no.
Litt meir kaffi først.

Godt med slike rolige dager.
Morgenfugl har eg aldri vore.

Nyt dagen

Sommar og leselyst

Veit ikkje kvifor,men syns bøker og sommaren høyrer saman.
Trivst ute i sommarlyset med boka og kaffikoppen.
Ja når det er godver altso.
Ellers tek eg det inne.

Kva eg les er litt forskjellig.
Glad i krim,men les gjerne bøker som rører ved følelselivet.
Godt lys og ute om sommaren.
Vurderer å ta meg ein luftetur

Regkleda bør nok på.
Men friskt før jobb

Ha ein super søndag

Allergimedisin og smertesalve

Har omtrent sove meg gjennom heile dagen…
Tett som ei nøtt og med rennande nase var eg litt redd det var noko alvorleg ivegen.
Når då musklaturen i ryggen slår seg vrang er gamla litt ille ute.
Men har tatt maxdose av zyrtec og nasespray.
Ryggen er innsmurd med voltarensalve utvendig og fått paracett innvendig.
Eg føler meg som eg har vore på rangel lenge..
Kolapsa på sofaen.
Men medisinen hjelp.
Skal ikkje alltid så mykje til for å vippe ein av pinnen.
Men går over om ikkje idag.
Fekk meg nye sokker av mamma som trøst

Godt fornøgd.
Kjekt
Heilt fortumla og om mulig meir forvirra enn før.
Ta meg ein smertestillande og strekke ut litt kanskje.litt må ein ha lov å sutre
Irriterande.
Får no med meg litt nyheiter om ikkje anna.
Skal bli litt småpent ver i morra ser eg.
Jaja..det vil no tida vise.
Ikkje noko vi styrer uansett.
Jobbehelg,så her må ryggen på plass att.
Treng nok berre litt ro og kvile.
Ha ein fin torsdagskveld

Sliten.no


Ikkje mykje futt i gamla merkar eg.
Vore til Førde ein snartur…
Og her ligg eg som eit slakt.
Var rett og slett alt for svolten då eg kom heim.
Heiv innpå så ein skulle tru nokon ville ete opp for meg..
Kjøpte meg kylling på Sande..Åt den heime
Var ikkje noko særleg smak på den…men er ein svolten går det meste ned…
Burde gått ein tur istadenfor sofaen..
Trur eg må ta ein alvorsprat med meg sjølv…
Etterpå..
Kor sløv kan ein bli..
regn i lufta…
Betyr vestlandsbunad..Men….får skjerpe meg

Grøss og gru

Her var eg flittig med klevask på torsdag.
Rusla opp til klesnora..
Sånn i sidesynet ser eg ein bevegelse i graset til høgre…
Mus…
Grøss og gru..får gåsehud idag og.
Der kjem det eit langt uhyre av ein hoggorm glidande framfor meg..
Rygga meg ut av vegen…
Den var diger…

Tok ei tid før eg fekk på meg støvlar og henta kleda.

Var nett begynnt å bli litt glad i hagearbeid…
Det tok ein brå slutt.
Vert ikkje gjordt meir før til vinteren når pokkerskapet er i hi..
Her er rikelig av dei,men syns dei kan ta ein smule hensyn til eigedomsretten.
Allemannsretten gjeld ikkje hos meg…

Heretter vert kleda tørka på stativ på altanen.
Berre den ikkje kjem der og.
Ekle kryp.Og nei…bilde tok eg ikkje

God lørdagskveld

Dei gylne augeblikka

22 juli er ein dato som for alltid er brent fast.
For nokon vart verda snudd på hovudet.
Idag tenkjer eg på dei som overlevde og familiane til dei som aldri kom heim❤

Håper det aldri skjer igjenn..

Her hos meg er ferien over.
Samler på dei gylne augeblikka på jobb og på fritida.
Trivelege dagar på jobb.
Idag skein til og med sola etter arbeidsslutt..
Sjølv om det nok kunne vore pittelitt heitare so er eg fornøgd eg..
Til og med klart å komme meg ut og litt opp.

Vakkert uti ytre Fjaler.
Her var det tydeleg denne fuglen som var sjef

Ekstra godt å komme ihus etter ein luftetur.
Berre litt mykje mas på meg sjølv for å komme igang.

Håper på nydeleg ver i morgon
Har nemlig fri

Skal ikkje vere enkelt

Fekk plutseleg på meg at eg skulle bake..
Gjærbakst.
Kor ideen kom frå veit eg ikkje og trur heller ikkje den var så lur.
Har sånn mikserskap og stor Kenwood.Ny
Plata er litt smal..på skapet
Var større på gamlekjøkkenet..

Fekk deigen i bollen og kenwooden igang.
Gjekk bra,så snudde ryggen til…
Ikkje lurt.
Kom eit kraftig dunk.
Hjarte kom opp i halsen…
Jordsjelv?
Snudde meg…
Der låg maskina og elta siddlengs på golvet..
Deigen oppi og lause deler rundt om..

Jau…
Fekk no maskina på plass att og delane på..
Starta på nytt.
Trur den har fått indre skader i tillegg til ytre.

Vart litt
Godt stekte og siste brette vart svart

Eg var nok i sjokk😉

Skillingsbollane vart etande og dei brende skal måsen få.
Den er ikkje så kresen.

Synd med miksaren….men sånn er liveet.
Ikkje min dag.
Skal rusle ein tur å få ut frustrasjonen etterpå.
Husmorgen har eg aldri hatt

Kor vart søvnen av

No har eg prøvd å sove i timesvis..
Så sto likegodt oppatt.
Ein skal ikkje sove bort sumarnatta..
Men hadde gjordt seg.
Snart ferieslutt.
Ute er det høstver.
Grått

Gårsdagen var fin.
Kava meg opp på Vardeheia etter gammalt.
Vert for sjelden.
Kan jo berre ta på meg skoa å gå..
Men gjer eg det…naj..
ein får vere som ein er…
Kor vart ferien av..
Igrunnen like sliten fortsatt..
Null energi…
Men.men går seg nok til.
Morgenstund har gull i munn…
Jau…kanskje eg skal sove på sofaen med tven på.
Hjelper av og til.
Er trøtt som berre det..
Mykje elendigheit på nyheitene
Sommerferietid

Ha ein super fredag.
Gamla bør sove litt

Vakker utsikt


Einingsfjellet leverer.
Idag var det stille og flott turtemperatur.

Når den kan brukast som kvalitetstid med Oslofrøkena er alt berre velstand.
Godt å verte dradd med på tur av nokon som kan gå i mitt tempo uten å kjede seg

Tenkjer…kvifor går eg ikkje oftare.
No er stien ganske våt som ellers rundtom.

I slike augeblikk er verda ok.

God morgen:-)

Siste ferieveka og ferieveret er stabilt.
Haust
Men er vakker natur,regnklær har eg.Myggen er aktiv og jobber så godt den berre kan-
Ikkje noko fellesferie eller snakk om latskap derigården.
Eg har kjøpt meg felle,men det er ikkje den store forskjellen syns eg.

Har no fått rydda litt i diverse papir og styr.Fader kva eg samler på.
Har ikkje den store lysta eller forma til å gå på fjelltoppar fortida.
Frestar liksom ikkje.
Men får ta på meg regnklærne og rusle stripa mi.
Har liksom ei fast rute.Lite folk,men trafikk er der no.Smale vegar her,så grøfta er ofte tatt ibruk.Ikkje alltid desse store bilane tek like mykje hensyn.
Nokon gjer.Det skal dei ha.

Er så lite eg kan gjere med veret.
Ikkje det finaste ferieveret.Men sånn er det no.Kjem godveret,så får eg nyte det før eller etter jobb:-)Treng jo godver då og
Håper jo at dei som no har,eller skal på ferie får godver.
Fordelen med tidlegferie er lyse sommarnetter.Merker det no at sola har snudd

Skal ha meg ein liten tur i sivilisasjonen idag tenkte eg.Handle litt og hente frøkena mi som kjem med bussen

Gjer seg med litt sosialisering av og til.Eg er sær.
Norge ar opna oppatt for turistar.Vi kan reise ut,
Litt spent på kor det går med smittespreding og om vi får spredning og ny stenging av samfunnet.
Berre å prøve å vere så forsiktige vi kan.
Vaske hender og halde avstand.Lett å gløyme når alt ser ut som det er normalisert,og smitten er liten.

No skal gamla slutte å mase og gå seg ein tur ,tenkjer eg.Ut på utsikten.
Får no iallefall frisk luft om ikkje anna

Ha ein super tirsdag uansett sommarver:-)
I vest er det sydvest og myggfest:-)