Gale Lise og eg:-)

Trøtt og sleten etter arbeidshelg lengta eg igrunnen mest heim til sofen

Min unge spreke kollega fortalde at ho og mora hadde tenkt seg på Sørbøheia 

Jaja tenkte eg…Jenta gjekk ein time før meg og eg tenkte igrunnen ikkje meir på det

Vel ferdig med raporten og klar til å gå heim då kom det frå alteregoet Lise:

Ja ka vart det til..Skulle du på fjellet??

Sukk og stønn..sliten og klar for sofaen og hadde jo ikkje nett på meg trimklede.

“Ikkje bedre eg veit så har du nokre gamle turkle og sko liggande baki bilen”,beit Lise til

Jau,,,har nok det,Gale Lise var i støtet og tok over heile tankegangen

Så før eg visst ord av det hadde eg fått å meg turklede og sko og var på veg opp


Syns det var veldig tungt.Glatt enkelte plasser og det går opp og opp.Følte eg aldri såg enden

Treffte min unge kollega i full fres nesten nede då eg var på opp.Mamma kjem litt lenger oppe.,og god tur sa ho.Blid og såg ut som ho berre hadde gått eitpar meter etter vegen:-)Og mammaen såg betydeleg sprekare ut enn eg gjorde…


Bakdelen med denne turen syns eg er at eg går og vaser inne i skogen heilt til eg er kommen på toppen.Kan jo vere ein fordel å gå i skog visst det regnar men idag så var det eit heft:-)

Glatt.Ein ting er sikkert.Går eg her kvar dag så blir eg anten sprek eller så ramlar eg og bryt meg sund.Det er nok stor sansynligheit at det er det siste som skjer:-)Mulig det vert bedre med trening….

Beundrer dei som går her kvar dag.Ikkje rart dei er spreke:-)

Men på toppen er det fint.Ser jo heimatt:-)


Kjempeflott utsikt på toppen .Ser ned i Drøsdalen:-)

Innover Åfjorden


Ser heilt ut på Lutelandet og Yme plattforma.Enn så lenge, for den skal vel verte til spikar:-)

Gjorde godt for ein sliten kropp.Var så tungt at til og med gale Lise held stillt.

Ikkje yndlingstoppen.Litt for mykje inni skogen og litt for glatt.Skal ikkje nemne bratt for eg treng vel strengt tatt gå litt i bratta skal eg få litt kondis i denne late skrotten:-)

Avslutta ein flott trimtur med ein runde ned til sjøen:-)

Må nyte dagen.No har det skya til og er kaldare i lufta så er vel slutt på sommaren og tilbake til normale tilstander:-)

Bakdelen med all denne friske lufta er at eg vert så svolten.Så no ventar eg på at middagen skal verte ferdig

Kanskje eg skal gjere det eg igrunnen gjekk inn på dataen for å gjere

Leite etter oppskrifter på glutenfrie knekkebrød:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg