Eg frys
Så her er det full vinterbekledning inne
Tjukk jakke,tjukke labba og pledd
Kaldt syns eg.
Tenkte eg skulle sleppe fyre i ovnen.Gidd ikkje hente ved
Litt trøtt og så er nok grunnen
Tidleg oppe og til øyenlege
Var intet nytt under sola anna enn at augedråpane gjer nytta si og trykket er endeleg gått ned
Får ta med meg det positive i tristheita.
Nyheitsbildet vert berre verre og verre
Forstår ikkje korleis dei tenkjer .Mentaliteten forstår eg heller ikkje
I det heile lite eg forstår
Her bytter vi statsrådar litt vel ofte syns eg.Håper det held no for for partiet er det ikkje akkuratt positivt
Fornøgd med linbuksa eg kjøpte meg:-)Angra ikkje på det kjøpet.Litt sid,kanskje men gjer ingenting
Var godt med ei romsleg bukse etter gammalt.
Starta på siste gardinkappen av tre.No trur eg altso eg berre må sei til meg sjølv at..No heklar du:-)
Ellers er eg redd dette kan ta tid.
Liksom kommen ut av heklebobla og har meir lyst å lese..
Stolpejakta har fått stolpar her i kommunen og
Såg på kartet, og ser at eg bør gå med følje
Stygt redd det ellers utløyser ein leiteaksjon
Snakka om det med veslesysta idag.Ho ville stoppe på heimvegen og ta nokre stolpar ,sa ho. Det ser eg ho har gjordt.
Nokre må eg vel finne aleine får eg tru. Går eg meg vill får eg ringe ein venn:-)Eller røde kors
Er totalt retningsvill
Men har det som mål og finne desse stolpane innen fristen:-)
Har ikkje sakt eg klarer det,men målsettingar skal ein jo ha:-)
Tidlegvakt imorra ..Tida fyk
Ha ei super helg fortsatt