Fekk start på fanesskapet

Med gode råd frå andre så måtte elendigheita starte.

Fann den coken eg ikkje fann før idag.
Var som den aldri hadde gjordt anna enn å starte

I rein og skjer glede over eigne ferdigheiter tok eg meg ein liten kveldstur på fjellet

Nydeleg og gjorde godt kjenner eg.
Godt trøtt og ro i sjela

Har det jo godt med turløype utafor stovedøra.
Burde nok hatt med saks for vel mykje bregner i stien🐕

No har eg jo vore retteleg heve😅
Så steikte tekstane av middagen til kvelds..
Nesten bedre no😁
Kan jo risikere å gå ned nokre gram så er viktig med påfyll

#humor#ironi#fjelltur

Jammen er livet litt ok❤

Helsikes slit…

Fann fram det eg trengde
Kantklippar og bensin.
Fyllte på…pumpa fram bensinen.
Huska startknappen…
Trur de eg fekk start på fanenskapet??
Lyd var det…tok nesten.
Starta ein gang kort…
Det var alt…
Helsikes.. ..
Fekk iallefall fram adrenalinet..

Fann fram denne…
Gjer ikkje heilt same nytta…
Men vart no litt bedre…
Og den fungerte no iallefall..

Får få nokon til å prøve å starte og sjå om det kun er eg som er for svak…

Vurderte fjelltur i frustrasjonen hete 😎
Men vart ein tur etter vegen.

Heilt greit det og..
No er det småsurt ute.
Har tenkt å ha litt av denne rådyre Brosma eg kjøpte igår til middag..
Håper smaken står i forhold til prisen.
Resten av dagen trur eg skal tilbringast inne🌹

Hoggorm i jordbæra og gamla strauk til skogs:-)

Fekk seg ei mindre koseleg oppleving oslofrøkena  i jordbæra til ho mor..

Ho var nærmlig ikkje aleine om å vere der…Ikkje er orm hennar sterke side heller.

Stakkars.. Likar den ikkje eg heller….Uff…

So no får eg finne fram den store kantklipparen og få vekk litt gras…..Det likar næmlig denne ubedne gjesten:::

Men ikkje idag….

Eg har næmlig fått meg ny turveske:-)Den måtte jo testast…

Dritgod var den.

Heia Fagforbundet:-)

 

Flott utsikt fekk den og.

Ingenting er for meg slik balsam for sjela som å tråkke rundt i fjellet  etter endt arbeidsdag

Gjer godt.No må eg jo selvfølgeleg skrive meg i mantalet

Tenk om nokon gjekk glipp av at eg har vore der:-)

Kjekt med turbøker.

Vert nok endå meir folk som går her når dagsturhytta kjem.

Slik som no er ein nesten heilt aleine iverden følest det som:-)

Er utruleg vakkert.Må nytast:-)

Likar slike fjell som er slik at flest mulig orkar å gå dit:-)

 

Slike halvgalne hekser som gamla :-)Igrunnen skjønner eg at eg får gå aleine i fjellet:-)

Men no er eg heime.Gjorde godt med ein dusj:-)

Ikkje fullt så godt å dusje både meg og kjøkkenet i farris:-)

Det var liksom toppen av idioti idag.

Så no får eg roe litt ned tenkjer eg, så det ikkje tek ska:-)

Imorra har eg fri og forhåpentlegvis får eg sove til eg vakner av meg sjølv, sånn utpå føremiddagen:-)

Er visst meldt regn imorra.

Då må eg utsette klipping av gras  …Det må eg gjere….ormen treng ikkje den luksusen

Brasil har vunne i fotball visstnok…

No får eg sjå om eg finn noko anna enn fotball på tv….

Fortsatt god kveld

 

# fjelltur#foto#fagforbundet#humor

 

 

 

Sommer.raspeballer og fotball

Sol💥
Ikkje direkte sommertemperatur her med meg.
Høst på ein måte😊
Men sånn er det.
Sommartemperaturen er vel i hovudstaden..

Går ut i november sto det…
Så eg åt alt…
Tenk visst den vart liggande og glømd😄katastrofe

Planta to plommetre idag..
Håper dei overlever…og så..
Den gode raspeballmiddagen hos ho mor…dritgodt…
Eg et og et😁
Skikkeleg koser meg😅
Benka meg for å sjå Island spele kamp..
Må jo heie..no har det jo ikkje akkurat gått rette vegen.
Eine stakkaren blør…
Tøff sport..
Vurderte gå tur…gadd ikkje rett og slett…
Var då veldig til neseblod på islendingen..stakkars..
Imorra er det dagvakt.
Travelt for eit Bmenneske🍅

Vakkert ved fjorden ikveld.
Litt folk i hyttene rundt om for det er fleire båter på sjøen.
Sjølv har eg kråpe opp i sofaen og funne fram strikketøyet.
Fasinerande stemning på fotballkampen.

Badehotellet

Rart korleis ein dansk serie kan fenge.
Nyt sommerkvelden sjølv om sommervarmen mangler…
Flott ute.

Lysere enn bilde viser men kaldt.
Fri imorra😂🌻
Litt trøtt kjenner eg så snart leggetid.
Håper på godver og litt varmare tilstander😎

Igår var prinsessa mi sju.
Utruleg kor fort tida fyk avgårde.
Barnebarn er stas😊
Får fram det beste i sære bestemødre❤

Dobbelt huff

Her sur eg og myser.. .
Ikkje noko for pyser
Alt for lite søvn
Dautrøtt med kaffekoppen
God morgon Norge..
Dagvakt…
Må berre våkne først..
Føler meg som veret..
Litt ullent

Ting tek tid med gamla på morgonen..

Gadd ikkje reise til bloksberg😎

Så her ligg eg

Stappmett av alt for mykje av mamma sin nydelige rømmegrøt.
Burde nok gått meg ein tur men gidd ikkje..
Grått og småtrist ute.
Myggver…
Stille og roleg men skodde og yr…
Har hatt sånn gidd ikkje dag…
Klarer no endeleg å male døra til sikringsskapet..
.har brukt salig lang tid på planlegginga…
Fort gjordt..
Planlegging er ikkje alltid av det gode…😊

Glad i blomster frå naturen❤
Desse syns eg er flotte.

Går på fram med teppet.
Verre med denne gardina…
Jaja…
No lurer eg på om eg kanskje berre skulle ha fått pussa ned denne kjellartrappa…
Kvifor eg ikkje tok den då eg måla kjellargangen er meg eit under…

Var nok usikker på om eg burde…
No angrer eg på at eg ikkje tok den…
Så kanskje det er passe feriearbeid viss veret vert grått…
Men først er det no jobb ei stund…

Er ingen som tek jobben frå meg

Eg er kvalm…
Jaja…må lære å styre meg

Hekser reiser med sopelim slike dager
Men denne heksa vert på sofaen…

Myggen har fest og gamla vart gjest

Eller skal eg sei mat….
Har mygg overalt.
Tett før det starter å regne…vinden har roa seg og myggen har full fest

Litt usikker på om denne fungerer som myggfelle eller disko…
Myggen såg ikkje ut som den hadde noko nød iallefall.
Er vel i grunnen knott
Slike små ekle sim ein knapt ser…
Men til gjengjeld kjenner…

Kom meg inntatt i hus😎
Så får sommerkvelden berre gli forbi i stillheit🌷

Kreativitet😂🌷🎈❤

Trur eg hadde litt av det sjølv før i tida

Viktig å notere å tegne til My little ponny😂
Misfornøyd med resultatet og fram med linjal…
Eg ser på frå avstand😁

Mulig ein kommande filmkritiker.
Iallefall er multitasking ingen problem.
Snart 7🌷
Ordenssansen har ho arva etter besta

Treng eit arkivsystem.
Reine dronninga der ho sit❤
Forslag om å ‘kle på og at vi evn. kan gå ut vert kontant avslått.
Seinare🤗
Men ho jobber jo må eg forstå.
Ser jo det…
Så eg et og strikka og lurer på korleis eg kan få eit bedre kosthold uten søthunger🍅
.
.. .

Småtrøtt

Baler med å våkne til liv.

Ponnyane har no vore oppe ei stund❤
Litt godt med stille morningar med barnebarna.
Vi ligg liksom rundt på kvar vår plass
Ferie🌻

Smågrått ute.
Passer godt til innekos.
Men ser sola i det fjerne så er eit håp.

Litt utetid treng vi😄

Enn så lenge er dette sysselen til besta😘
Ha ein fin dag