Gult er kult

Ikkje i alle tilfeller
Ekstremt mykje pollen fortida og stakkars alle allergikara.
Merker det eg og.Tungt å puste
Men fins dei som har det mykje verre

Alt er dekka av pollen….
Sånn er det vel når det plutseleg blir sommar i midten av mai og alt sprett ut på same tid

Nesten så eg ynskjer ei regnskur som kan vaske vekk litt og vatne i tørrt terreng

Fin men travel 17 mai er bytta ut med to dager pinsefri:-)
Litt kaldere ute idag merka eg,og skyer på himmelen
Heilt greit om det går over til litt meir normale tilstander
Litt trøtt endå merkar eg men kroppen tenkte det var nok søvn,så då var det berre å stå opp
Kaffi og frisk luft gjer susen

Litt sånn betenkt over kor fort eg syns tida går.Månadane berre fyk avgårde.Har nok med alderen å gjere
Føler eg har allverdens tid for plutseleg å oppdage..Nei,det har eg aldeles ikkje..
Må nok skru opp tempoet eitpar hakk.
Ynskjer alle ein strålande dag:-)
Skal eg og berre eg får start på kroppen

God morgen


Ser ut til å verte ein nydeleg dag
Skulle gjerne brukt den ute.men må til byen eintur.
Eller Førde.
Kjem sjelden på den har bystatus
Tannpleie og bedøvelse…
Det er ikkje det store akkuratt.
Gå på butikken men hengegjeip og talevanskar.
Burde kjøpe beis.
Og kost.
Kanskje og ein fuktmålsr så eg var trygg på om det er tørt nok

Det er slike fine dagar ein skulle ønska ein budde meir sentralt .
Men men.
Sånn er det no.
Norge kom på siste plass på lørdag og eg er igrunnen ikkje overraska.
Så trøster ein seg med at norske var med å skrive vinnerlåta.
Ikkje akkuratt det same..men tek med det ein får.
Igårmorgon var der ein litt spesiell type som prøvde haike..
Rar framtoning og litt spesiell kledd for å vere på veg heim frå fest..
Fint ver så eg fann det fornuftig å berre la han vandre vidare..
Las seinare om innbrudd av vandrande personar..
Men måtte no vere ein bil eller båt einplass.
Kom truleg ikkje ned frå oven.

Men smilte gjorde han.
Det skal han ha..

Ha ein super dag

Rar og litt sorgtung dag

Idag hadde mamma hatt bursdag.
Den første uten mamma. Skulle så gjerne hatt deg her litt lenger, men er ikkje alltid det det går etter
Saknet vil nok minke etterkvart, men fortsatt så er det for nært innpå
Berre gode minner,men ikkje enklare fordet.
Saknar kloke råd og kommentarer og få eit ærleg svar på det eg er usikker på
Men livet går vidare
Hjelp til å få strikka den hersens tommelen på vottane
Lærde det igrunnen aldri,for du gjorde dei alltid ferdig
Må innrømme at du syns eg var vel dum som ikkje alltid skjønnte dei enkle strikkeoppskriftene
Du sa det aldri.men blikk sa meir enn ord.
Heller ikkje heilt forståelsen for korleis eg kunne gå meg vill oppå fjellet over oss.Det gjekk ikkje an
Gjorde det for meg, men eg kom meg no nedatt til slutt
Ikkje så enkelt å forstå når ein sjølv har retningssans og dattera er heilt blåst
Men du lærde meg det viktigaste i livet
Så lenge ein tek vare på kvarandre så klarer ein seg,sjølv om pengesekken er knapp

Idag skal eg besøke grava di og pappa si før jobb.
Berre bruke tida fråm til dess til å kjenne på minna og følelsane
Vi er mange som saknar deg og idag er det ein spesiell dag

Det er viktig at vi hukser på å ta vare på kvarandre mens vi er her på jorda.
Plutseleg er det for seint.
Gløyme oss sjølv litt og ta oss tid til andre rundt oss.

Ha ein fin dag:-)

Kristihimmelfartsdag og fri

Hadde liksom lagt planer på kva eg kunne finne på idag i godver
Det vart det altså ikkje
Kanskje det var like bra for ein sliten kropp
Trengde nok ein slik latemegdag

Så idag har eg sove lenge…veldig lenge til å vere meg i det siste:-)
Tusla meg opp til ein sein kaffikopp og frukost.eller kan kalle det brunch:-)

Sit her fortsatt.Inntulla i teppet
Kjenner eg er småsnufs og ikkje heilt på topp..
Dvs det er eg no sjelden,men går forkjølelse på jobb,så er ikkje så rart eg har fått det

Av og til er det godt å berre roe ned og slappe av
Trur eg skal fyre litt i ovnen for er litt sånn husekaldt
Jobbehelg i vente

Sit og ser på hekleprosjektet mitt og tenkjer at det er nok der eg bør legge inn ein liten innsats.Få det ferdig,,,Har vore ein stopp både titt og ofte.Har liksom ikkje hekleånden over meg

Nyheitene gjer meg berre meir uroleg enn før og ein veit liksom ikkje frå dag til dag kva som dukker opp.
Av og til er det berre godt å stenge desse tankane ute,men problema forsvinn ikkje av den grunn
Nytter ikkje å rømme unna

Ha ein super helgetorsdag

Frigjeringsdagen


Litt grå dag idag
Litt grått det fredsteppet som ligg over oss og verda no og
Kanskje ekstra viktig å ta vare på eit fritt demokrati
Er inga selvfølge

Vi gløymer fort det som eingang var

Her hos meg starter dagen under pleddet med kaffi og Godmorgen Norge
Morgonkos
Det gode med seinvakt får ein støl morgonkropp

Gjer godt kjenner eg

Ha ein fin 8.mai
Gratulerer med dagen

Einsam står ho der


No var ho yngre enn mannen
både av alder og sinn
No står ho åleine og speider i vind

Det er her som ellers i livet
Dei gamle er eldst
Når aldersforskjellen er stor
Er dette det som skjer flest

Men det er jo trist når ein rotner på rot
Kan risikere å verte brend og bli til sot
Men frua treng nok ein liten sjekk
Eg seier det ikkje for å vere frekk
Men kan jo vere ho er litt roten
Kanskje litt gale om vi finn ho sundebroten

Gamla har vore på dugnad og raka
Så til og med ho føler seg litt kaka

Alt har ein ende

Idag har Henrik takka for seg.
No har han stått så flott allmed kona si i hagen på omsorgssenteret i mange år.
Idag oppdaga eg gjennom glaset at han hadde lagt seg ned,stakkaren

Mista kontakten med stammen sin og der låg han..
så lang han var
Rotna tvers av …
Kjende eg syns det var trist.
Minnesmerket var plutseleg ikkje det det eingang var.Liksom berre gitt seg ende over
Om han kan reparerast veit eg ikkje.Virka temmeleg håplaust
Men, skal vel aldri gi opp sjølv om det ser mørkt ut

Kva det symboliserer veit eg ikkje
Her er det snart dugnad i grendalaget i sånn litt småruskete ver
Litt roten eg og ,men tvilsomt om eg rotner på rot:-)
Ha ein fin kveld

Hjelpe meg

Eg veit at kondisen er dårleg og kapasiteten er 70 prosent.men hjelpe meg.
Trur eg bruker like lang tid opp som andre bruker begge vegar og å komme heilt heim.
Mulig varmen og var litt av årsaka
Burde nok gjordt som mamma alltid gjorde.Hatt med meg saksa og rydda lyng.Veks over stien. men orka ikkje idag for føltes blytungt.
Ellers fin tur altso.
Gir ei eiga ro åleine på fjellet


Nydeleg på toppen.
Vart sittande lenge og berre nyte og hente innatt krefter.
Nedturen gjekk som ein leik.

Må nyte sommeren når den er her eitpar dagar i mai🎈
Idag skal eg nyte den på terassen.
Ha ein super lørdag

10tur og stolpejakt

1mai var liksom turdagen min.
Eg trur heilt ærleg eg gjekk veldig mykje for lite..
Ikkje greit å ikkje kunne kart og vere totalt blotta for retningssans.
Når ein i tillegg er på ukjende stier kan det vere reine bingoen.


Registrerte meg på ut.no og fann ein stolpe
Mulig eg berre kunne fortsatt for å finne fleire..
Eg skjønnte null og niks så tok klokleg å gjekk tilbKe.

Nydeleg tur i fint ver.
Nett passeleg for min smak.Flott merka

Når skuldra streiker er det godt beina virkar
Men var igår det var turdag.
Idag er det meir dagen derpå🎈
Dagen var ikkje ferdig .med dette .
Men det får vere neste kapittel