Har vunne ein løpar i Havneparkens lotteri
Dette fekk jammenmeg gamla blid
Lodd tek eg hos alle som dukkar opp på min veg
Går salig i minus Ikkje noko som lønner seg
Men viktig å bidra. Frivilligheita treng peng
Viktig å støtte ein arbeidsom gjeng
I dag har eg berre sløva meg fram
Rusla ein tur og plaska i ein dam
Kjenner at roa den gjer godt for min kropp
Berre drikke kaffi frå ein kjempestor kopp
Laga meg pannekaker som eg har ete opp
Er liksom så vanskelig å sette ein stopp
Var ganske gode det må eg sei
Men med denne matlysta vert eg ganske brei
Eg og Ingolf har sofadag i lag
Litt godt å ha tid til å kose oss ein dag
Vurderer å gå meg ein liten tur
Men lander nok på at eg tek meg ein lur
1 kommentar



Godt å slappe av og kose med maten:)